URETTVIST: «Det er urettferdig at kvinner gjer ein minst like god jobb, men ikkje får minst like mykje tilbake», skriv Hanna Hillersøy Resser i lesarbrevet. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Likeløn, er det så mykje å be om?

I dag, måndag 16. november, er det likelønsdagen. Dette tyder at frå og med i dag jobbar ei kvinne ulønt resten av året. Dersom ein ser på gjennomsnittet over kor mykje ein mann og ei kvinne tener på eit år, og hadde gitt dei like mykje kvar dag, hadde denne dagen vore siste dagen ei kvinne fekk løn dette året.

No tenkjer du sikkert: men kan ikkje kvinner verre velje jobbar med betre løn? Nei, det kan de ikkje. Kvinnedominerte yrke er ofte yrke med funksjonar som er naudsynte for samfunnet. Yrka går ofte ut på helse, omsorg og andre ting som me er avhengige av for at samfunnet skal gå rundt. kvinner utgjer 83 prosent av Noregs sjukepleiarar (tal frå 2017), og om dersom me hadde tatt dei ut av arbeid hadde samfunnet faktisk gått under.

Visste du at i 2018 jobba 40 prosent av kvinner i deltid, ufrivillig deltid, medan berre 14 prosent menn. Det er ikkje slik at kvinner ynskjer å jobba meir deltid enn det menn vil, men yrke som ofte er dominerte av kvinner har mykje oftare deltidsstillingar enn det typiske mannsdominerte yrke har. Til dømes sjukepleiar og butikkmedarbeidar. Gjer ikkje dei ein minst like viktig som ingeniørar, legar og elektrikarar, som me ser er typiske mannsyrke. «Det er urettferdig at kvinner gjer ein minst like god jobb, men ikkje får minst like mykje tilbake!»

Endå ein gong ser me at menn er dei med mest makt i samfunnet. Det er flest mannlege leiarar, dei er minst utsett for seksuell trakassering og det er nesten alltid dei som tener best. Ein skulle tru at me nordmenn, i 2020, skulle ha klart å komma oss forbi dei typiske kjønnsrollene me ser så tydeleg i dag, i det norske samfunn i dag. Sjølv i dei yrkene der de jobbar flest kvinner er det menn som sit som leiarar.

Me i Vestland Sosialistisk Ungdom krev å få fleire kvinner inn i heiltid! Me krev lik løn for likt arbeid! Og sist men ikkje minst så krev me verdsetting for det harde arbeidet kvinner i dagens Noreg gjør!

Hannah Hillersøy Resser (18), feministisk ansvarleg i Vestland Sosialistisk ungdom