Kjersti (45), Berit (36), Trine (49), Anne Gro (52) og Sonja (48) fortel historiene sine om å leva med brystkreft. Foto: Kristine Brandsdal Barane Foto: Kristine Brandsdal Barane

Livsviktige historier

Kjersti (45), Berit (36), Trine (49), Anne Gro (52) og Sonja (48). Alle dei fem lokale kvinnene har kjempa og kjempar mot brystkreft. Alle fekk sjukdommen før dei var 50 år. To av dei før dei var fylt 40. Dei har delt historiene sine med oss. Forteljingar om frykt, om mot og ikkje minst styrke.

Historiene er urovekkjande. Dei er opplysande. Dei er støttande og potensielt livreddande. Ei av 12 kvinner får brystkreft i løpet av livet. Dersom sjukdommen blir oppdaga på eit tidleg stadium er det 95 prosent som framleis lever etter fem år.

Risikoen for brystkreft aukar med alder. Rundt 80 prosent av dei som får kreft er over 50 år. Mammografi-screening er eit tilbod til dei mellom 50 og 69 år. Ingen av kvinnene me har snakka med var i denne gruppa.

Les også
Kjersti (45) fekk påvist kreft dagen etter at Norge stengde ned: – Som å få ei ståldør rett i ansiktet

Torsdag i førre veke kom tala på nye krefttilfelle i 2019 frå Kreftregisteret. Når det gjeld brystkreft går utviklinga feil veg. Det blei i fjor rapportert inn 3.726 nye tilfelle. Det er det høgaste talet nokon gong registrert i Norge.

Dei fem kvinnene me har snakka med har alle oppdaga kreften sjølv. Det gjer historiene deira endå viktigare. For i denne gruppa av kvinner handlar det om å sjølv ha kunnskap slik at ein oppdagar endringar og blir undersøkt i tide. Tusen takk for at de deler med oss!