ENGASJER DEG: «Politikk er viktig, utfordrande, spanande og engasjerande. Gjennom deltaking i lokalpolitikken påverkar du utviklinga i eigen kommune», skriv Liv Kari Eskeland (H). Foto: Elias Eide

Lokalpolitikken treng deg!

Dei lokale partia har starta arbeidet med å rekruttera til neste kommuneval, og gjennom denne hausten og vinteren skal alle partia setje saman vallistene sine. Mi oppmoding er: Sei ja om du blir spurt– demokratiet vårt treng deg.

Politikk er viktig, utfordrande, spanande og engasjerande. Gjennom deltaking i lokalpolitikken påverkar du utviklinga i eigen kommune. Du kan vere med å syte for at borna dine får ei betre framtid, at dei eldre du bryr deg om får ein god alderdom, at kommunen blir ein god stad å bu og at gründerar ser moglegheiter for næringsutvikling og du kan legge til rette for gode og trygge arbeidsplassar. Ved å engasjere deg politisk, kan du gjere ein forskjell.

Dei siste åra har gitt oss utfordringar og erfaringar dei færraste forventa. Krise, pandemi og krig. Vi er heldige som bur i Noreg.

Vi må likevel ikkje ta demokratiet vårt for gitt. Vi må kjempe for det og kvar dag hugse på kor heldige vi er som bur i eit fritt demokratisk land, der retten til å vere seg sjølv og å seie det du meiner er sjølvsagt. Men vi må kvar dag kjempe, også for denne retten her i Noreg.

Demokratiet treng oss alle, og eg vil spesielt oppmode kvinner om å engasjere seg, gjerne om du har barn i barnehage- og skulealder. Det er de som veit kor skoen trykker for å få småbornslivet til å fungera. Den travlaste tida i livet rett og slett. Det har nok skjedd at mitt eige politiske engasjement har gått ut over heimebakst, og det er ikkje alle fotballkampar eg har fått stått på sidelinja og heia på. Men eg har fått vera med på å legge til rette for utvikling i grendene, fotballbanar og idrettsanlegg noko alle ungar har fått glede av. Så vil eg understreka at alle som tek aktiv del i samfunns-og kulturliv gjer ein flott jobb for born, unge, vaksne og eldre. Alle kan slik sett vera med på å gjera ein skilnad. Men fordi det for fleire parti kan vera vanskeleg å få eit ja når ein spør om deltaking i kommunepolitikken, er dette ei spesiell oppmoding til deg om å seie nett det – ja, om du blir spurt. Det betyr at nokon ønsker at di stemme skal bli høyrt i demokratiet.

Eg gleder meg til mange gode debattar framover og ønsker alle velkommen inn i politikken, unge som gamle, kvinner og menn, erfarne og nybegynnarar. Saman skal vi spegle folket og ta godt vare på demokratiet. Vonar du vil bli med på laget, og ser verdien av dette arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant og tidlegare kommunepolitikar i Stord, medlem av nominasjonskomiteen Stord Høgre