Stord sogelag ynskjer seg fleire medlemmer, opplyser leiar Kjellbjørg Lunde. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Lokalt sogelagsarbeid, ein ressurs i lokalsamfunnet

Årsmeldinga til Stord sogelag viser at laget gjer eit viktig kulturhistorisk arbeid i lokalsamfunnet.

Medlemmene i laget representerer kunnskap, verdiforankring og glede over å vere ein del av og ta vare på vår felles lokalhistoriske arv. Det gjeld både bygningar og andre kulturminne i landskapet, men også livsminne i form av forteljingar, som blir nedteikna og teke vare på for ettertida.

Livsminne

I så måte har Oddbjørn Kvålsvold gjort ein eineståande innsats med å samle og publisere livsminne. Dei har stått på trykk i Stord sogelag si historiespalte i bladet Sunnhordland, og på heimesida til laget. Han skal ha stor ære for dette eineståande arbeidet med å intervjue og nedteikne mange og ulike livsminne.

Ekstra gledeleg at mange av desse kom i bokform i 2019, «Minneglimt frå levde liv». Boka er framleis i sal. Gjennom 116 artiklar får vi innblikk i mange ulike livserfaringar og opplevingar, frå både eldre og nyare tid. Slike små minneglimt gir langt meir kunnskap enn lengda på artiklane skulle tilseie, og gir forståing av korleis levevilkår og samfunnet var i vår nære fortid.

Kulturhistoriske rusleturar

Det er viktig for vårt felles minne, og også ei glede å bli kjende med kulturminna og den lokale historia i dei ulike grendene og sentrumsområda i kommunen vår. Difor er ein av aktivitetane i laget å skipe til kulturhistoriske rusleturar i dei ulike delane av kommunen.

Turane er leia av kunnskapsrike, lokalkjende folk, opne for alle, gratis og gjennomført i eit roleg tempo som passar dei fleste. Turane blir kunngjorde i Sunnhordland og på heimesida til Sogelaget.

Årsskriftet

Mange har glede av årsskriftet. På vegner av laget samlar eit skriftstyre, leia av Lars Mæland, lokalhistoriske artiklar, som blir gitt ut før jul. Ulike forfattarar skriv om varierte emne. I Årsskriftet 2019 skriv Harald Haugen om oppveksten sin på Fjellstova, Magne Bjelland om Sverke Sverkeson- båtbyggjar og bygdedokter og Solveig Almås om Barndom med far til sjøs. Og mange fleire om andre interessante tema og hendingar.

Lokalhistoria

Anstein Lohndal har i mange år vore ein trufast leverandør av innsiktsfulle og interesserte artiklar til årsskriftet. Han har skrive om mange ulike lokalhistoriske tema. Det er ei lukke å ha ein så kunnskapsrik, engasjert og skrivefør fagmann som medlem og bidragsytar i laget. Og stordsamfunnet har blitt rikare av å ha han og kona hans, avlidne Martha Lohndal, som aktive samfunnsmedlemmer, kultur- og folkeopplysarar gjennom eit langt liv.

Bruk av kulturminne i barnehage og skule

Atle Bjørn Mæhle har også ein artikkel i årsskriftet: Historia fortel. Prosjektet «Bruk av kulturminne i barnehage og skule».

Han skriv om prosjektet han har hatt ansvar for på vegner av Sogelaget, i samarbeid med kommunen og enkelte skular og barnehagar. Her blir lokale kulturminne dokumenterte, teke vare på og brukt i undervisninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hatland skule

Etter initiativ frå innbyggjarane i den gamle Hatland skulekrins, har Stord sogelag følgt opp for å ta vare på den gamle skulebygningen for framtidig bruk, til beste for folk i området. Det er oppretta eit venelag og vi er takksame for at Sparebank 1 har gitt 25000 kroner til arbeidet med å ta vare på dette kulturminnet. Kommunen eig bygningen, og det skal fremjast sak til politisk behandling der status blir avklara.

Stord sogelag ynskjer seg fleire medlemmer. Vi vonar at mange fleire, yngre og eldre, ser at det er viktig at mange blir med på å ta vare på våre historiske røter og bindeledda mellom eldre og nyare tid. Les meir på stordsogelag.no.

Kjellbjørg Lunde,

leiar