RUSREFORM: «Meiner ein verkeleg at meir, ikkje mindre, rusmiddelbruk er bra for samfunnet», spør Trude Brosvik i dette innlegget. Foto: Knut-Erlend Rosvold

«Lovleg vare»

Rusreformen utfordrar på mange plan. Det er klar forsking på at tilgjenge og pris er to viktige faktorar for ein vellukka alkoholpolitikk. Som lokalpolitikar for KrF har eg ikkje tal på kor mange gongar utsagnet og argumentet «det er jo ei lovleg vare» har vore nytta for meir liberal alkoholpolitikk, lengre opningstider og fleire utsal.

No tar fleire parti til orde for at cannabis (hasj) skal legaliserast. Dvs. at argumentet om «lovleg vare» også skal kunne brukast for narkotika. Meiner ein verkeleg at meir, ikkje mindre, rusmiddelbruk er bra for samfunnet?

Å ta på alvor og ville hjelpe rusbrukaren, og dei pårørande rundt vedkomande, er ikkje å fjerne samfunnet sine konsekvensar av rusbruken, men å hjelpe til å avgrense og kutte rusbruken.

Så langt har dei politiske vedtaka rundt rusreformen vore så uklare at svært mange unge trur hasj allereie er legalisert. Og ja, det er vanskeleg å sjå skilnaden på avkriminalisert og legalisert. Og Riksadvokaten har i rundskriv forklart nye reglar så keitete for politiet, at dei eigentleg ikkje forstår kva dei har lov til eller ikkje å gjere som reaksjon, ifølgje NRK.

Oppå alt dette har regjeringa stramma inn rusmisbrukaren sine rettar til å velje behandling der dei trur det vil vere best for dei. Det gjeld for så vidt fritt behandlingsval for alle, men råkar særleg tungt ei gruppe der motivasjon for behandling er svært avgjerande.

KrF trur det er best både for rusbrukaren, dei rundt han og for samfunnet at narkotika ikkje blir ei lovleg vare. Samtidig må dei som lir under bruk av rusmidlar, enten det er alkohol eller narkotika, få god helsehjelp og hjelp til å få bukt med misbruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trude Brosvik, Vestland KrF