SOLIDARITET: «Er ikkje det heller ein dekkande karakteristikk på det vesle mindretalet som set Syden-turen og pilsen på nattklubben klokka tre om natta, føre sin nestes liv og helse?» spør Per Jan Ingebrigtsen om omgrepet «dei svake». Arkivfoto: Marius Knutsen

Lys i tunnelen - og det er ikkje toget

Me har halde ut – og dei fleste av oss har vore flinke. No kan me vonleg snart sjå fram til vaksinen som tek knekken på pandemien, og snart kan me truleg konkludera med at styresmaktene våre i det store og heile har handla rett, i møte med utfordringar ingen av oss såg heile rekkevidda av. Noreg har til no vel 300 døde, Sverige har langt over 6.000.

Når me kjem til vaksinering, må me læra av tabbar som i år vart gjort ved den vanlege influensavaksineringa, der utsette grupper risikerte å ikkje få vaksine i det heile. Slik vart det i fleire kommunar – også her på Stord. Sjølv tinga eg vaksine i september, og fekk time hos fastlegen i november. To dagar før avtalt time, ringde dei frå Landsbylegane og fortalde at dei var gått tomme. No fekk eg kjøpa meg ein dose på eit apotek, og eg varsla også andre, som var i min situasjon, om at det var mogleg.

Mykje folk, i alle aldrar, vart vaksinerte på Vikahaugane – men fleire eldre som hadde avtala time hos fastlege, nytta seg ikkje av Vikahaugane-tilbodet. Slik er det med mange som er kommen litt opp i åra. I overkant solidariske med alt frå fastlege til straumavtale. Det må ein ta høgde for.

Når koronavaksineringa startar opp, må det gjerast etter sikrare prioriteringar, og etter eit samordna prinsipp. Kven som først skal få vaksine, må styresmaktene avgjera, men eit lite ønske frå meg er at born med underliggande sjukdommar skal komma aller først i køen. Elles får eg, frå tid til anna, meldingar på Messenger om at styresmaktene våre med koronarestriksjonane har gjort landet vårt til eit diktatur, og slik lever konspirasjonsteoriane i beste velgåande også her heime.

Når to jussprofessorar hevdar at det er ein menneskerett å kryssa grenser og reisa kvar ein vil utan å hamna i karantene, nører dei opp om slike, ofte grenselaust egoistiske synsmåtar. Kva for ein smittesituasjon hadde me til dømes hatt på Stord om gjestearbeidarane på Kjøtteinen skulle gått rett ut i arbeid utan ti dagars karantene?

Ein får isolera dei svake, og sleppa resten fri, vert det sagt. Men korleis skal ei slik isolering i verksetjast i praksis? På pleieheimane jobbar det både yngre og godt vaksne menneske som kan vera potensielle smitteberarar. Skal desse «hermetiserast» saman med dei pleietrengande? Borte frå sin eigen familie? Skal det same skje med alle sjukehustilsette?

Dei fleste, som kan lyfta blikket opp over juridiske paragrafar og nytta seg av heilt vanleg flogvit, ser at dette er umogleg. Det einaste som kan skjerma utsette grupper, er minst mogleg smitte i samfunnet generelt.

Samtidig som ei gruppe, fleire tett saman utan munnbind, demonstrerte mot restriksjonar i Bergen, døydde eit koronasjukt barn på Haukeland sjukehus. I Sverige har fleire born lidd same lagnad. I staden for slagord mot styresmaktene, burde det på plakatane til dei frammøtte demonstrantane stått: Farvel solidaritet!

Elles likar eg ikkje uttrykket «dei svake» om folk med underliggande sjukdommar, for er ikkje det heller ein dekkande karakteristikk på det vesle mindretalet som set Syden-turen og pilsen på nattklubben klokka tre om natta føre sin nestes liv og helse?

Me er alle leie av pandemien, men dei fleste av oss er stoiske og held ut, for me veit at folk i verkelege diktatur opplever ting som er langt verre. Og ut på våren skal me atter gå på kafear og restaurantar, på teater, konsertar og fotballkampar – og i løpet av sommaren kan me vonleg kryssa så mange grenser me vil, utan restriksjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenk å ha så mykje kjekt å gle seg til!

Per Jan Ingebrigtsen