STORT OPPMØTE: På årets første seniortur til gapahuken i Stuvikjo i 2019. Foto: Privat

Me gler oss og me takkar!

Det er slutten av eit år og då er det vel tid for å takke? Likevel vil eg byrje med at eg GLER meg …

Eg gler meg til det nye året som kjem. Endeleg skal me prøve å få starta opp ei Ungdomsgruppe i Turlaget! Sjå lysing på nyåret.

Ikkje berre det, me skal starrte opp ei ny «Aktiv til 100» gruppe også, denne gong frå Møllebrua og inn til den nye Gapahuken i Stuvikjo v Ådlandsvatnet. Turen vil gå kvar torsdag i oddetalsveker og er eit såkalla lågterskeltilbod. Ein kler seg, tek matpakke med og kopp, møter kl. 11.00 v Møllo og så går ein i godt lag og passeleg tempo inn til Stuvikjo der nykokt bålkaffi ventar. Lysing Kjem …

I tillegg gler eg meg veldig til arbeidet med den nye hytta på Stovegolvet … Det vert kjempespennande og veldig inspirerande å vera med på!

Elles må eg få takka alle som er med og «dreg lasset» i Stord Fitjar Turlag, og alle kjekke gode folk som deltek på alt me arrangerer! Det er dei siste som gir inspirasjon!

Tusen takk til alle dåke som sit i styret og i alle undergrupper som me har, alle gjer ein utmerkja jobb! Takk til alle som kjem med idear og innspel og takk til alle som melder seg inn i Turlaget! Me har pr. i dag 1271 medlemmer!

Tusen takk til alle som seier JA! Tusen takk til alle dugnadsfolk, anten det er å sjå til Tårnet, gapahukane, Lundarstølen eller å merke løyper, byggje bruer, rive ut alt inni hytta på Stovegolvet, leia turar, stå vakt på Topp Åtte, vere med på Opptur, vere parkeringsvakt eller koka kaffi på «Aktiv til 100», dåke gjer alle ein fantastisk god og viktig jobb!

Takk til alle som melder seg på og deltek på «Stord Topp Åtte»!

Takk til alle som støtter oss økonomisk med å «kjøpa» toppane!

Tusen takk til SKL som gav oss Tårnet, og tusen takk til Klatreklubben som lét oss kjøpe hytta på Stovegolvet!

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit slikt prosjekt gir ein veldig inspirasjon til framleis arbeid i Turlaget. Hytta på Stovegolvet er eit STORT prosjekt som jo er Bergen og Hordaland Turlag sitt, og der manglar framleis ca. 800 000 i finansiering. Dette må me i fellesskap få til!

Der er «mange om beinet» når ein søkjer Gjensidigestiftelsen og Olav Thon stiftelsen, og denne gong fekk me avslag. Men me står på søkjer der me kan og jobbar vidare med det. Hytta skal bli ein realitet og me håper og trur på opning hausten 2020.

Hugs at då har me alle ei hytte!!! Og den står på den mest spektakulære og flottaste plassen her på Stord!

Tusen takk ALLE for GODT humør, godt lag og utruleg kjekt samvær i året som har gått, - og for å gjenta meg sjølv, eg GLER meg til fortsettelsen!

Alle er velkomne i Turlaget! Ein treng ikkje vera medlem! Ha fine Romjulsdagar og Godt Nytt År alle, og ta dåke ein tur ut innimellom!

Så sjåast me i det nye spennande året!

Helsing Gerda