Me held fast på kjerneverdiane våre

Grunneigarane langs aksen mellom Heiane og Ådland stiller Stord Senterparti spørsmål om kvifor me røysta for å vurdera eit alternativ som er nærare dagens E39 enn den vedtekne traseen som går rett gjennom Skiphaug/Landås-området.

Historia til dette prosjektet er at både trafikkmengdene mellom Heiane og Vabakkjen og ulukkesfrekvensen mellom Heiane og Ådland tilseier at vegen må utvidast. Senterpartiet gjekk opprinneleg inn for lang tunnel mellom Heiane og Ådland saman med fleirtalet i kommunestyret, men regjeringa overstyrte lokaldemokratiet og vedtok ein trase som går i dagen tvers gjennom det mest brukte friluftsområdet på Stord.

Les også
Har de gløymt kjerneverdiane?

Stord Senterparti har programfesta at me ikkje ynskjer ein firefelts motorveg gjennom dette området, og har dermed lova veljarane at me vil arbeida for ei betre løysing enn den gjeldande planen. Alternativet til å røysta for å vurdera andre trasear ville vore å halda fast på den gjeldande planen og i strid med programmet vårt. Men som Senterpartiet sa i formannskapet, er me svært usikre på om alternativ 2 som no skal vurderast mot alternativ 4, er forbetring nok til at me kjem til å støtta dette alternativet. Grunngjevinga for denne tvilen er nettopp argumenta grunneigarane peikar på - omsyn til dyrka mark, naturverdiar og eksisterande busetnad.

Så trur me at denne utgreiinga på ny synleggjer kva negative konsekvensar alle trasear som ligg i dagen har, og vonar ei ny regjering ser at landbruk, natur og friluftsinteressene på Stord er like viktige som andre stader der ein har lagt vegar i tunnel for å ta vare på slike interesser. Difor reiste også Stord Senterparti spørsmålet om lang tunnel på ny i formannskapet, men i denne runden har regjeringa berre opna for å vurdera alternativ 2 opp mot vedteken plan.

Det er likevel slik at å ikkje gjera noko med denne traseen samstundes som trafikken aukar, vil innebera nye ulukker med hardt skadde og i verste fall drepne. Og det er heller ikkje noko me kan akseptera å planleggja for.

Jakob Bjelland, varaordførar Stord Senterparti

Nancy Aasheim, formannskapsmedlem Stord Senterparti

Silje Vatna, gruppeleiar Stord Senterparti