KAMP: «Fagforbundet Stord/Fitjar er klar til å ta kampen for rettferdig løn til alle medlemmer. Dei er det viktigaste me har, og som me skal jobbe hardt for», skriv Monica Brekke Fosse i Fagforbundet. Arkivfoto: Kjetil Østrem

Me kan ikkje akseptera at nokon skal få store tillegg samstundes som at andre skal stå att med ingenting

Kjem ikkje partane i kommuneoppgjeret til einigheit vil fleire av Fagforbundet Stord/Fitjar sine medlemmer i Stord kommune verte tekne ut i streik. Det har vore krevjande for medlemmer i denne tida ein har vore gjennom med koronapandemi og no stor auke i utgifter og kostnader.

Den viktigaste bodskapen Fagforbundet har er kravet om at heile laget skal få auka kjøpekraft i dette lønsoppgjeret, og me kan ikkje akseptere at nokon skal få store tillegg samstundes som at andre skal stå att med ingenting.

Difor må det løftast frå botnen.

Det er viktig at ein tek kampen for likeløn, dette er ei viktig sak for våre medlemmer.

Det skal løna seg å utdanne seg, så løn for kompetanse må prioriterast.

Kronetillegg til alle, ikkje prosenttillegg då dette vil skape større skilnader på sikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagforbundet Stord/Fitjar er klar til å ta kampen for rettferdig løn til alle medlemmer. Dei er det viktigaste me har, og som me skal jobbe hardt for.

Monica Brekke Fosse, leiar Fagforbundet Stord/Fitjar