HVL-REKTOR: Gunnar Yttri. Foto: Eivind Senneset/HVL

Me løftar i lag på campus Stord

Det er bra at Sunnhordland er oppteken av campus Stord. Vi treng alle gode og kritiske krefter og røyster i arbeidet med å utvikla og styrka campusen vår. Det er viktig for Høgskulen på Vestlandet og det er viktig for regionen der me arbeider.

Ei rask gjennomlesing av artikkelen «Fleire av lokala på Campus Rommetveit er ubrukelege til undervisnings- og kontorføremål. Ferskt notat feller knallhard dom» frå 16. februar i Sunnhordland - kan likevel gje inntrykk av at me har å gjera med ein utdatert campus.

Det har me ikkje. Tvert i mot.

Me har ein campus og høgskule som siktar høgt og ser framover.

Det er klart er at campus Stord har ein spesiell, spennande og stundom krevjande bygningsmasse. Me har ein campus som har utvikla seg med bygg og aktivitet gjennom mange år og tidsepokar. Kartlegginga som er gjort viser at noko av bygningsmassen held god stand, medan andre bygg ikkje held dei kvalitetar som gode og tenlege undervisningsbygg skal ha. Men me har ikkje ei falleferdig bygningsmasse som artikkelen kan gje inntrykk av. Mange av bygga er freda og det krev ei klok og finstemt tilnærming når dei no skal oppgraderast og tilpassast morgondagen.

Det har vi meldt i frå om til Statsbygg. Det er dei som eig bygningsmassen på campus. HVL er leietakar. Og som leietakar treng vi gode lokale som stettar mange behov. Det er denne prosessen me no er i gang med å kartleggje og treffe dei beste tiltaka for. Studentar og tilsette er på banen, og saman med Statsbygg og vertskommune, skal me finna gode løysingar. Me går for ei kraftig satsing både med å oppgradere aktuelle bygg utvendig og innvendig.

Men så skal me ikkje gløyma områda og plassen rundt. Dette heng i hop. Campusen vår på Rommetveit er Noregs eldste noverande institusjon som tilbyr lærarutdanning. Det er vi og mange stolte av. Men me kvilar ikkje på dette. Me skal ta med oss krafta i frå fortida når me ser framover og utviklar campusen vår vidare. Og det er ikkje berre Rommetveit som skal utviklast. I HVL er campusutvikling høgt på planen for alle våre fem campus. Det er spennande og viktig – og det rommar mykje. Me har starta på Stord, i slutten av januar gjekk me i gong med campusen vår i Førde og etter påske startar me arbeidet med campus Haugesund. Til hausten skal me jobba med Sogndal og Bergen. HVL har fem sterke campus som skal utviklast kvar for seg og saman.

Les også
Fleire av lokala på Campus Rommetveit er ubrukelege til undervisnings- og kontorføremål. Ferskt notat feller knallhard dom

Alle som har vore på campus Stord veit at me har nokre unike kvalitetar. I artikkelen i Sunnhordland vert det via mest merksemd på ønsket vårt om å flytta og oppgradere sjøbua. Men vi satsar meir. Mykje meir. Framtidsretta nybygg er på planstadiet. Uteområda på campus skal fornyast. Me vil opna meir opp for Stord-samfunnet, slik at campusen vår kan nyttast av mange fleire. Kulespel-bane, parkour, buldre- og klartepark, frisbee-golf, leikepark, sandvolleyball-bane, drivhus og parsellhage. Ideane og planane er mange. Me jobbar med å sjå på studietilbodet og meir stadleg leiing på campusane våre. Alt dette er viktig for å utvikla gode og berekraftige campusar. Kommande veke gler eg meg til å vera tilstades på campus Stord. Eg vil bruka god tid på å møta og snakka med studentar, tilsette og samarbeidspartnar som alle gir kraft til campusutviklinga. Det er eg som rektor, leiargruppa mi og styret vårt svært oppteken av.

Gunnar Yttri, rektor på Høgskulen på Vestlandet