Aud Jorunn Vedøy, styrar Ås Barnehage, er lite nøgd med noko av det som har komme fram i debatten om barnehagar siste tida. Foto: Privat

Me må ha klare roller i barnehagedebatten!

Då du, Marit Himle Pedersen, stilte opp i kommunestyresalen 4. februar undrar eg meg om du representerte deg sjølv som innbyggjar og engasjert medborgar, eller om du stiller som representant for dei tilsette i kommunen som styremedlem i fylkestinget i Hordaland for Utdanningsforbundet.

Du har ei så viktig rolle i Utdanningsforbundet at du burde halda deg for god til å uttala deg på vegner av alle medborgarar i Stord kommune. Me er fleire som har ulikt syn på saka med nedlegging av barnehagane, men me ynskjer alle å ta vare på alle innbyggjarane våre med alle deira kvalitetar og utfordringane dei har. Nedskjeringar må til i kommunen og dei som sit som politikarar har ikkje noko lett oppgåve når dei no må kutte i postar det ikkje er noko å kutte i.

Så kjem slike innlegg i avisa som du skriv. Eg kjenner mitt engasjement for borna våre i kommunen berre vil boble over.

For ei tid tilbake, om lag 12 år sidan, var me inne i ein periode med stort trykk på barnehagane i landet vårt og det blir gitt tilskot frå staten til dei aktørane som vil satsa på utbygging av barnehagar, det gjer ein òg i vår kommune. I den perioden byggjer både ideelle og kommersielle barnehagar ut på Stord. Foreldre får mogelegheit til å gå ut i arbeid når dei har behov for det, kommunen får skatteinntekter både frå tilsette i private barnehagar og frå arbeidande foreldre. Ein vinn-vinn situasjon for mange. Det veks opp kvalitetsbarnehagar med ulik profil og foreldre får velja kva som er viktig for dei. Ein kan og setja seg opp på venteliste på den barnehagen dei ser som verdifull for deira barn.

No, nokre år etter, er situasjonen annleis i kommunen. Det kan sjå ut som om det vil bli ledige plassar i fleire barnehagar og for at ikkje dei private barnehagane skal ta inn barn som ikkje har krav på plass så må diverre nokre barnehageplassar leggjast ned. Kommunen kan ikkje leggja ned plassar i dei private barnehagane og må difor kutte i eigne rekkjer. Tenkjer ein på dei foreldra som treng desse barnehageplassane, kva med dei skatteinntektene dei får inn til kommunen? Kva med den inntekta desse foreldra treng for å kunne ha det bra i eigen familie? Kanskje er ikkje kontantstøtta nok for dei?

Les også
Storpolitikken sine utslag for folk flest

Og så skriv du at ikkje kommunane har mogelegheit til styring over dei kommersielle barnehagane og at det må bli stilt same krav! (Eg tolkar «kommersielle» som dei «private», eg opplever du trekkjer alle dei private barnehagane inn i dette.) Me har same lovverk å følgja som dei kommunale barnehagane. Det er rett at kommunen ikkje kan leggja oss ned, det må me gjera sjølv, men lovverka for drift er den same. Me blir strengt følgde opp med rapportar og tilsyn. Og kvar gong det har vore tilsyn og barnehagane har fått merknad kjem det i avisa. Ingen av oss har hatt alvorlege avvik og me har drifta i mange år!

Om du vil sjå på mitt overskot må du berre sjekke «barnehagefakta». Her ligg opplysningar og innrapporterte tal. Nokre år driv me med eit greitt overskot, andre år går me i minus. Pengane blir sparte til dei åra det er vanskeleg. Me satsar på kompetanseheving og på barna våre i kvardagen, me brukar pengane våre på barna i kommunen. Det er målet for alle dei private barnehagane våre. Me har gode barnehagar i kommunen vår om dei er private eller kommunale.

Eg undrar meg korleis du tenkjer at kommunen skal drifta sine barnehagar utan offentlege tilskot frå staten, med slike ytringar du har i ditt innlegg i Sunnhordland 07.02. Eg dett mest av stolen. Du som skal representera meg i Utdanningsforbundet. Eg undrar meg om ikkje alle dei tilsette i dei private barnehagane som fagorganisert i dette forbundet sit med haka i fanget desse dagar.

At kommunen må kutta i barnehagesektoren har ingenting med korleis dei private barnehagane driv sine bedrifter. Dette handlar om korleis kommunen vår må forvalta økonomien som dei har. Og at dette går ut over våre barn og foreldre, og elles andre innbyggjarar i kommunen er ikkje kjekt, men er diverre ein realitet!

Så blir eg og svært forundra og mest sint, når vår ordførar, Gaute Epland, går ut i media å uttalar seg: «Eg ville helst ha kutta i dei private barnehageplassane viss me hadde hatt høve til det» (nrk.no 12.02.2020). Du som ordførar skal snakka for alle barna våre, dei barna og foreldra i private barnehagar er like sårbare som barn og foreldre i kommunale barnehagar. Korleis kan du uttala deg slik?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har stor forståing for at dette er ei vanskeleg sak for politikarane våre, men de må halda dykk på eit sakleg grunnlag når avgjerda skal takast. Og eg som styrar i privat barnehage må stola på at de vel det rette for barn, foreldre og kommune.

Aud Jorunn Vedøy

Styrar i Ås barnehage