Sosialistisk Ungdom: Inger Christin Barane, nestleiar i Stord sosialistisk ungdom, kjem her med svar til Salmy Hatletveit, som fredag 31. januar gav «dagens ros» til Frp, for at dei prioriterer tryggleiken for våre eigne born, i staden for å opna opp for terrorister. Foto: Privat

Me må sjå alle og ikkje berre oss sjølv og dei her i Norge

Svar til dagens ros 31. januar 2020, frå Salmy Hatletveit

Ja, det er utruleg mange i Noreg som slit med indre naud, av sjølvmordstankar, depresjon, angst osv., men tenk på alle borna og vaksne me kan hjelpe ute i verda og! Barn som veks opp i fattigdom, i krig, som ikkje får mat og drikke, ikkje har eit heim å bu i eller ikkje har nokon rundt seg som tar vare på dei. Det er folk der ute som ikkje veit om sine egne rettar, folk som ikkje veit om ei verd utanfor fordi det einaste dei må tenkje på er deira eiga helse. Å kanskje det som får oss mest til å tenkje er at det er dei som deler mest på mat, på hus og plassar og bu sjølv om dei har så vidt nok til å klare seg sjølv, deler dei med andre for at dei og skal kunne leve.

Tenk på alle barna me kan redde! Me har stor makt her i litle Norge me har mogelegheita, pengane og nokon av oss kanskje viljen til og med til å redde tusen vis av barn som treng vår hjelp! Me treng betre helsetilbod i Norge og med meir snakk om psykisk helse. Men me har ein av dei beste helsetilbodet i verda til no og så klart er det ikkje perfekt, men mange av desse andre problema ute i verda er ikkje bra eingong, faktisk ikkje i nærleiken! Og nei, me kan ikkje redde alle som veks opp i krig, fattigdom, men me kan redde nokon og me kan vise at me bryr oss for ein ting som er sikkert er at me må bry oss.

Me som blei fødde i Norge, som leve i Norge me har trekt gullstrået, me vann i Lotto! No er det på tide å ta vekk skylappane me blei fødde med og sjå kvarandre! Det at det og vart nemnd at me bør få kristendomsopplæring inn att på skulane, sånn at barna får høyre meir om Jesus, har eg mange tankar om. Me i Noreg har ein stor kultur med fleire religionar, livssyn og tankar om kva me tenkjer er riktig. Me ser i mange tilfelle der det kun er ein eller to personar som ikkje er kristen i ein klasse som må bli igjen på skulen når det er skulegudsteneste. Ved å ha ekstra kristendomsopplæring stengjer me ute ein stor del av befolkninga i Noreg, noko me allereie gjere ved å berre ha den ekstra k’en i KRLE. Som eg har sagt før og vil seie igjen — me må sjå alle og ikkje berre oss sjølv og dei her i Norge! Sjølv om me ikkje sitt i den situasjonen sjølv må me kunna sjå det frå andre perspektiv og. Å tenkje på dei andre som treng vår hjelp!

Inger Christin Barane

Nestleiar i Stord sosialistisk ungdom