FITJAR KOMMUNE: Ordførar Harald Rydland (KrF) og varaordførar Sigurd Andre Maraas (Frp). Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Me oppmodar framleis dei som meiner taksten er feil om å klaga

Ordførar og varaordførar svarar om eigedomsskatten i Fitjar.

Me var for ei tid sidan ute med eit lesarbrev om eigedomsskatten i Fitjar. Den siste veka har me gjennom lokalpressa, sosiale media og direkte kontakt med folk, registrert at det er ein del reaksjonar på dei nye takstane. Me har etter desse tilbakemeldingane og eigne observasjonar fått meir kunnskap om temaet.

Kommunen gjennomfører i desse dagar saksbehandling av retakseringa. Dette vert gjort etter reglane i lova om eigedomsskatt og dei lokale vedtaka. Nye takstar er sendt ut til eigarar av bustader, hytter, næringseigedomar m.m. Klagefristen på takstane er sett til den 12.04.21. Informasjon er å finna på Fitjar kommune sine heimesider.

Les også
Kommunal eigedomsskatt - det syg nett som myggen

Me oppmodar framleis dei som meiner taksten er feil om å klaga. Klagene som vert sendt inn, er med på å danna kunnskapsgrunnlaget for utslag av eigedomsskatten.

Når klagefristen er ute vil kommunen vurdere ei endring av dei lokale takseringsreglane dersom dei gjev openberre urimelege utslag for kategoriar av eigedomar. Eigedomsskattekontoret utgreier dette.

Dersom reglane vert endra vil dei som er påverka av aktuell problemstilling få eit nytt vedtak , enten ein har klaga eller ikkje. Slike enkeltvedtak får ny klagefrist. Dette vil det koma meir informasjon om ca. 20 april.

Les også
Eks-ordføraren kastar seg inn i debatten om eigedomsskatt

Målet vårt er at eigedomsskatten som vert utskriven i Fitjar kommune skal vera i tråd med det som er fastsett i lov om eigedomsskatt, og at den skal skrivast ut så rettferdig som råd. Den skal heller ikkje setjast høgare enn det som er nødvendig.

Ta kontakt med underteikna dersom det skulle vera spørsmål eller kommentarar til denne pressemeldinga.

Harald Rydland, ordførar

Sigurd Andre Maraas, varaordførar

Les også
Difor opplever innbyggjarane ei brå auke i eigedomsskatten
Les også
Eigedomsskatten i Fitjar kommune