Avtroppande ordførar Wenche Tislevoll er nøgd med det ho og partiet har fått utretta dei åtte siste åra.
Avtroppande ordførar Wenche Tislevoll er nøgd med det ho og partiet har fått utretta dei åtte siste åra. Foto: Egil Blomsø

«Me ser tilbake på ei god økonomisk styring»

Fitjar Høgre har hatt ordførar og vore i posisjon dei siste 8 åra. Me er stolt over kva me har fått til og korleis me har styrt kommune desse åra.

Me ser tilbake på ei god økonomisk styring og ei trygg og ansvarleg drift. Innbyggjarane får gode tenester, og samstundes riggar me oss mot framtida. Fitjar har hatt folkevekst, så stor at ein har fått veksttilskot, det er lagt til rette for at næringslivet har fått utvikla seg og for nyetableringar.

Det er optimisme i fitjarsamfunnet!

Me har satsa på skulen – der eleven og god læring har hovudfokus. Auka satsing på tidleg innsats og framtidige investeringar i moderne læremiddel har hatt særleg merksemd, samtidig som inkludering er avgjerande og Fitjar er blitt ein MOT-kommune. Skulevegane er blitt tryggare med fleire gatelys, fartshumpar og fortau.

Ei god eldreomsorg og eit verdig tilbod til dei svakaste i samfunnet er viktig for Høgre. Aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene for at dei eldre skal meistra livet lenger «Leva heile livet». Sikra at dei har god hjelp når de har trong for det, at pårørande kan bidra utan at ein blir utsliten og at tilsette kan nytta sin kompetanse i tenestene.

Me er stolt over at me kan gje dei eldre god og næringsrik mat laga på kjøkenet på sjukeheimen. Det blir i desse dagar flytta inn i ein topp moderne ny avdeling på sjukeheimen. Legesenter er etablert og nye bufellesskap er bygd og me vil jobba for sentrumsnære bustader for eldre.

Idrettsanlegga våre er blitt oppgradert. Det er blitt lagt til rette for friluftsliv med nye turløyper, møteplassar i samspel med andre aktørar og frivillige. Me skal fortsetja å byggja opp om den store dugnadsånda i Fitjar.

GRØNE FITJAR: Klima- og miljøutfordringane krev internasjonal, regional og lokal innsats. Av mange tiltak i programmet vårt vil me blant anna stille krav til miljøvennlege og fornybare løysingar ved utbygging, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Sikre grøn mobilitet og halde fram utbygging av gong- og sykkelvegar i heile kommunen.

Samstundes med dei gode tenestene, har me, og vil me leggja til rette for utvikling. Attraktive bustadtomter i heile kommunen, vidareutvikla attraktive næringsområde, som i Årskog, og arbeide for framleis vera ein JA-kommune både for innbyggjar og næringsliv. Me vil fortsetje arbeidet med å utvikle eit attraktivt sentrum. Arbeidet for å realisere Hordfast snarast råd, noko som vil auka attraktiviteten og styrkja utviklinga, både i Fitjar og i heile Sunnhordland.

Eit sterkt Høgre vil fortsetja den gode arbeidet og sikra og utvikla gode tenester, leggja til rette for framleis god utvikling og ha ei økonomisk ansvarleg styring som sikrar at kommunale avgifter og skattar ikkje blir høgare. Me ser moglegheitar.

Stem Høgre på måndag for Fitjar – ein god stad å bu.

Godt val!

Wenche Tislevoll,

ordførar