Torbjørn Brosvik (KrF) og Hilde Hauglid (SV) er to av ni gruppeleiarar i Stord-politikken som har signert innlegg mot hatefulle ytringar. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen Foto: Henrik Mundal Andreassen

Me står saman mot hatefulle ytringar!

Me ser med uro på at debattklimaet i media generelt og her lokalt vert stendig hardare. Dette råkar oss alle, og særskild råkar det ungdomane våre.

Me tilhøyrer ulike politiske parti, og me er usamde om mykje. Sakene me står for er viktige for oss, og me kjempar alle for å få mest mogleg gjennomslag for vår politikk. Me er usamde om saker, men me har likevel respekt for kvarandre.

Me er folkevalde fordi me ønskjer oss eit godt lokalsamfunn. Me engasjerer oss for at Stord skal vera ein god plass for alle. Då er me avhengige av eit levande lokaldemokrati der alle har høve til å delta, og gjerne verta møtte med motargument, men ikkje hat og trugsmål.

Me står saman for eit godt og inkluderande lokalsamfunn, og for eit levande lokaldemokrati. Difor står me òg saman mot hatefulle ytringar.

Gruppeleiar for Stord Arbeidarparti, Britt Nelly Hystad Barane

Gruppeleiar for Stord Venstre, Geir Angeltveit

Gruppeleiar for Stord Høgre, Øyvind Kyvik

Gruppleiar for Stord Framstegsparti, Sigbjørn Framnes

Gruppleiar for Stord Senterparti, Nancy Åsheim

Gruppeleiar for Stord MDG, John Tonnessen

Artikkelen held fram under annonsen.

Gruppeleiar for Stord Raudt, Tore Roth Blokhus

Gruppeleiar for Stord KrF, Torbjørn Brosvik

Gruppeleiar for Stord SV, Hilde Hildal Hauglid

Les også
Unge politikarar blei møtt med kommentarar som «tenn på driten» på Facebook. Fleire har kontakta politiet
Les også
Kan bli aktuelt å oppsøkja personar som driv med netthets
Les også
– Ofte er det «berre» kjipe meldingar eller kommentarar, andre gongar er det vesentleg verre