«Også me i Aker Solutions ser fram til normalitet og å kunne møta vener og arbeidskollegaer ansikt til ansikt igjen utan å vera uroleg for smitte», skriv verftsdirektør Jarle Henriksrud i Aker Solutions på Stord. Arkivfoto: Olav Røli

Me tek inn utanlandsk arbeidskraft for å unngå permitteringar

Regjeringa gav 19. mars opning for at Aker Solutions og andre verksemder kan ta inn utanlandske fagspesialistar som er nødvendig for å halda oppe drifta i prosjekt av stor betydning for samfunnet. For oss på Stord, betyr dette at me framover kjem til å ta inn i første omgang rundt 300 personar frå Polen. Dette er fagspesialistar som det er mangel på i Noreg.

Hovudmålet vårt heilt sidan pandemien starta har vore å beskytta liv og helse. Samtidig skal me sørgja for at arbeidsplassar og verdiskaping som det norske samfunnet er avhengig av vert ivaretatt i størst mogleg grad. Når me no tek inn personell frå utlandet, gjer me det med rutinar som skal bidra til at både tilsette og lokalsamfunnet rundt oss skal kunne kjenna seg trygge.

Som ein ansvarleg arbeidsgjevar og stor samfunnsaktør må me gjera det me kan for å halde hjula i gang. Me er stolte av at me trass vansklege ramevilkår gjennom heile pandemien har greidd å halda prosjektaktiviteten oppe. Svært få av våre 1600 fast tilsette på Stord har vore permitterte.

Aktiviteten er også viktig for næringslivet rundt oss. Me kjøpte i fjor varer og tenester for over ein milliard kroner frå leverandørar og serviceverksemder i regionen. Til dømes har hotella på Stord hatt stor omsetning medan dei andre stader har slitt med å få endane til å møtast. Men det har kosta. Me har til no brukt over 300 millionar kroner på korona-tiltak. Det har også kosta på det menneskelege planet, for både eigne tilsette og innleigte frå inn- og utland som har levd under eit stramt og uføreseieleg regime.

Då regjeringa vedtok å stenga grensene i vinter, vart situasjonen vesentleg vanskelegare. Me gjennomførte nyleg ein analyse som viste at utan våre utanlandske kollegaer, så vil det bli vanskeleg å oppretthalda aktiviteten også for våre eigne tilsette. Dei ulike faga er avhengige av kvarandre, og dersom me vert ståande utan malarar, stillasarbeidarar og isolatørar, så stoppar det opp også for sveisarar, elektrikarar, røyrleggjarar og faga som jobbar med uttesting og ferdigstilling. Me forlenga arbeidsperioden til mange av dei som allereie var i Noreg, men før påske reiste dei siste heim. Utan våre utanlandske kollegaer, blir det vanskeleg å finna meiningsfyllt arbeid også for mange av våre eigne tilsette. Analysane våre viste at i verste fall kunne så mange som 600 av våre faste tilsette på Stord blitt permittert dersom me ikkje fekk tilgang til utanlandsk arbeidkraft.

Difor var det ein viktig og særs velkomen nyheit då Nærings- og fiskeridepartementet 19. mars kunngjorde at dei vil utvida unntaksordninga for å ta inn fagspesialistar for nokre typar kritiske prosjekt. Helst skulle me hatt tilbake alle 700 me har sendt heim, men av omsyn til smittevern og for å kunne leggja til rette for avstand tek mi i første omgang berre inn rundt 300 personar. Kring halvparten av dei kjem til øya til helga, og dei resterande så snart søknaden vert innvilga av styresmaktene. Me vonar dette vil vera tilstrekkeleg for å unngå eller i alle fall sterkt avgrensa omfanget av permitteringar.

Les også
For 14 månader sidan bobla det av liv, lyd og humør her. Bak desse dørene blir det snart innført eit strengare regime enn nokon gong

Me jobbar no med eit opplegg for å sikra at dette vert gjort på ein trygg og forsvarleg måte, både for eigne tilsette og lokalsamfunnet. Dette vil byggja vidare på systemet me har hatt til no, med ein lukka transportkorridor mellom Polen og Stord, omfattande testing og rask isolering av positive tilfeller.

Dette er eit system som me har hyppig dialog med dei lokale helsestyresmaktene om, og som blir kontinuerleg evaluert i nært samarbeid med tillitsvalde, verneorganisasjon, bedriftshelseteneste og HMS-avdeling. Me har sett inn tiltak som på fleire område har gått lenger enn myndighetskrava. Til dømes innførte me testing i heimland lenge før dette vart eit krav frå styresmaktene, og me opprettheldt testing av personell i karantene sjølv om dette ein periode ikkje var eit krav frå styresmaktene.

Det har vore viktig for oss å ikkje belasta det kommunale helsevesenet meir enn nødvendig. Me var difor raskt ute i fjor haust med å etablera eigen testkapasitet. Til no har me testa nærare 11 000 personar og avdekka 115 positive tilfeller som alle har blitt isolert og følgt opp. Ingen av dei har spreidd smitten vidare til eigne tilsette eller lokalsamfunnet. Me har også donert fem millionar kroner og smittevernutstyr for å styrka den lokale smitteberedskapen.

Slik er Aker Solutions sitt transport- og testopplegg. Foto: Aker Solutions

På nokre område vil me no forsterka regimet ytterlegare. Mellom anna har me i dialog med kommunen konkludert med at me på den første rotasjonen kjem til å redusera talet personar i karanteneleiren til det halve av kapasiteten, for å leggja til rette for meir avstand. Resten skal bu på godkjente karantenehotell utanfor kommunen. Me kjem også til å auka vakthaldet og me går no gjennom regelverket i detalj for å sjå på eventuelle andre tiltak for å førebyggja smittespreiing. Samstundes er det viktig å påpeika at det er forskjell på karantene og isolasjon. Det er ikkje forbudt for personar i karantene å gå tur. Dette kan tvert imot vera viktig for å betra trivselen i karanteneperioden. Men personar i karantene skal som kjent ikkje gå tett saman i store grupper og heller ikkje oppsøkja butikkar eller andre stader der dei kjem i kontakt med lokalbefolkninga. Dei som kjem er også godt informert om at karantenebrot vil bli slått ned på og meldt til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det går mot lysare tider, og både her lokalt, i Noreg og i Europa kjem det ei tid etter Covid-19. Også me i Aker Solutions ser fram til normalitet og å kunne møta vener og arbeidskollegaer ansikt til ansikt igjen utan å vera uroleg for smitte. Men inntil den dagen kjem, må me alle prøva å manøvrera gjennom denne krevjande situasjonen på ein best mogleg måte. For vår del betyr det å finna arbeidsformer som både ivaretar helse og smittervernomsyn, og samstundes gjer det mogleg å halda hjula i gang slik at me har ein trygg arbeidsplass å gå til også etter pandemien.

Jarle Henriksrud, verftsdirektør Aker Solutions på Stord