VIL HA NY HALL: Elevrådet ved Langeland skule har skrive brev til politikarane. Frå venstre Maria Isabella Hamerbeck, Torbjørn Lauksund Amdal, Essrom Tesfamicahel, Edvard Raunholm, Aditya V. Pakhare, Alva Haga Haugvik, Liam Johan Bergseth og Ånen Hasholt Horneland. Foto: Privat

Me treng fleirbrukshall!

Elevrådet på Langeland skule håper at politikarane vil høyra vår meining.

Me har blitt lova fleirbrukshall i fleire år og plutseleg får me den ikkje. Det er vanskeleg å samlast heile skulen og me må ofte ha utegym. Me kan på vegner av elevane på Langeland skule sei at det er heilt tåpeleg at me ikkje får det som er lova. Me kjem berre til å bli fleire og fleire elevar her. Til slutt kan me ikkje samlast. Det blir ingen songstund og alle dei tinga, som advent, kjem til å bli gløymt. Alle elevar fortener den følelsen av å syngja på ein scene. Det kan me ikkje i ein baskethall.

Les også
På denne skulen er det sett av 25,6 millionar kroner til gymsal. Men kapasiteten er sprengt og foreldre og skuleleiing vil ha det dobbelte

Det er no ikkje fleire rom til dei nye elevane. 7. trinn må sykla eller gå til ungdomsskulen for å ha kunst og handverk. I musikken lærer me ikkje med ekta instrument fordi musikkrommet er opptatt. Det er ikkje plass til å ha handballkamp verken i skuletida eller fritida vår. Mange må køyra langt på fritida for å bli med på fritidsaktivitetar. Me som bur i Langelandsområdet vil ha aktivitetar her me bur. Me treng ein hall me kan bruka til mange ulike aktivitetar både på skulen og om kveldane.

Kor vanskeleg kan det vera å gi oss det me vil ha? Me blir jo berre større og større. Ver så snill å høyr på oss som går på Langeland skule.

For elevrådet på Langeland skule

Aditya V. Pakhare (leiar), Alva Haga Haugvik (nestleiar), Edvald Raunholm, Ånen Hasholt Horneland, Maria Isabella Hamerbeck, Torbjørn Lauksund Amdal, Liam Johan Bergseth og Essrom Tesfamicahel