BYGGJER I SENTRUM: Me har ståltru på at dette er eit godt og viktig bidrag til vidare vekst og utvikling av Vikjo, skriv eigedomsutviklarane Thore Liverød og Kurt Arne Tyse. Foto: Olav Røli / Henrik Mundal Andreassen

Me vil løfta Leirvik, men forventar ikkje særbehandling

I brev til kommunestyret, omtalt i Sunnhordland 15. februar, stiller Høgre-representant Fredrik U. Litleskare spørsmål ved eit eventuelt kommunalt sal av tilleggsareal som me ønsker nytta til eit framtidig hotell på Nattrutekaien. Fungerande ordførar Jakob Bjelland gav eit ryddig og godt tilsvar til Litleskare, omtalt i Sunnhordland 18. februar, men som potensielle utbyggjarar av hotellet føler me likevel behov for å koma med nokre utdjupingar til saka.

15. januar i år sendte me inn detaljreguleringsplan for hotellet til første gongs politisk handsaming i Stord kommune. Av planen går det fram at tomtearealet me i dag eig på Nattrutekaien er litt mindre enn det eit hotell vil krevja. Samstundes står det klart og tydeleg på side 86 i planforslaget at heile planen føreset at me kjem fram til ei semje med Stord kommune om overtaking av slikt tilleggsareal gjennom ein privatrettsleg avtale. Som ordføraren stadfestar, har slike forhandlingar ikkje funne stad.

Les også
Høgre-veteran ønskjer svar om Tyse og Liverød sine hotellplanar

Detaljreguleringa viser korleis me ser for oss at tomteutfordringa vår i stor grad kan løysast. Me meiner det kan skje ved at me erstattar tilleggsarealet som hotellet treng gjennom å ta kostnaden med å bygga ut eit nytt areal i sjøen. Denne nye kaifronten vil me opparbeida med ein flott offentleg strandpromenade og publikums gatetun, park, kai/gangveg og snusløyfe. Eit slikt promenadeområde vil vera til glede både for hotellgjester, snøggbåtpassasjerar og lokale innbyggarar, og gi hamna eit ansiktsløft. Kommunen har i dag eit areal på 1,1 dekar austom vegen på Nattrutekaien. Etter at det nye kaiområdet er opparbeidd av oss, vil kommunen få eit samla areal her på ca. 2,1 daa.

HOTELL: Slik ser utbyggjarane for seg hotellet på Nattrutekaien. Foto: MAD Artiktekter

Dersom det skulla visa seg at arealet me overtar frå kommunen skulle vera større enn det me opparbeider på sjøsida av hotellet, vil me sjølvsagt løysa det inn til marknadsmessige vilkår – i tråd med regelverket til Stord kommune.

Me forventar altså verken særbehandling eller å få noko gratis av Stord kommune i samband med utbygginga av eit hotell på kaien. Det har me aldri gjort gjennom mange år med utbygging og utvikling av Stord. I staden prøver me å få gjennomslag for hotellplanane våre gjennom ein ryddig og strukturert planprosess for eiga rekning, ein prosess som er køyrt parallelt med hamnestellet si eiga regulering av hamna – som inngår som ein del av detaljreguleringsplanen for hotellområdet. Skulle tomtespørsmålet visa seg å vera eit problem for dei folkevalde, ønskjer me berre å få beskjed om det så tidleg som mogleg. Og det vil me få i første politiske handsaming av reguleringsplanen.

Les også
– Eg stolar på det ordføraren seier

Håpar dette var oppklarande for Fredrik U. Litleskare og andre som har følgt saka. Til slutt vil me avrunda med nokre ord om kva me som utbyggjarar ønskjer å oppnå med ei satsing på Nattrutekaien:

For oss er dette neste trinn i eit stort løft av Leirvik sentrum. Første trinn er investeringa på rundt 200 millionar kroner i Stord Helsepark, som me håpar og trur vil bidra til å vitalisera Borggata og resten av sentrum med eit nytt og tverrfagleg helsetilbod, auka aktivitet og meir liv i gatebildet. Eit nytt og attraktivt hotell i maritime omgjevnader på kaien, vil bidra ytterlegare til denne vitaliseringa gjennom nye arbeidsplassar, synergiar mot andre handels- og servicetilbod, og ikkje minst uteområdet langs sjøen med gode kvalitetar som både hotellgjester og lokalbefolkninga kan nytta seg av. Etter vårt syn bidrar hotellet òg med ei flott visuell fornying av ein viktig del av hamna, som for mange er første møte med Leirvik og Stord.

Les også
Her kan du sjå dei 19 leigetakarane som har signert avtale med Stord Helsepark

Hotellet vil krevja betydelege investeringar frå oss. Denne økonomiske risikoen er me villige til å ta. Både fordi me sjølv har ståltru på at dette er eit godt og viktig bidrag til vidare vekst og utvikling av Vikjo, men òg fordi me gjennom planarbeida for helseparken og hotellet i stor grad har opplevd å bli heia fram av kommuneadministrasjonen, det politiske miljøet, næringslivet og privatpersonar i stordsamfunnet.

Kurt Arne Tyse

Thore Liverød