KRITISK: «Berre fordi ein har rett til å gjere noko, gjer det ikkje rett å gjere», skriv Geir Angeltveit. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Me ville beklaga

I kommunestyret torsdag ønska Venstre, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Framstegspartiet, Miljøpartiet dei Grøne, uavhengige Bente og Linda, samt nokre i Arbeidarpartiet og Senterpartiet, å senda ei orsaking til brørne Husom på vegner av folkevalde kommunestyrerepresentantar.

Ordføraren meinte formuleringa i forslaget frå Venstre var upresis, trass i at han vart oppmoda på førehand om å koma med alternativ ordlyd om ordlyden bar på problem. Eg meiner ordlyden ikkje var upresis, alle born i vår kommune er vårt alle sitt ansvar alltid.

Les også
Stord kommune vel å ikkje beklaga til Husom-brørne: Geir Angeltveit reagerer sterkt

Tillitsvervet ordførarrolla er innehar eit verktøy for å blokkera votering i interpellasjonar. I kommunestyresalen var det eit fleirtal for å sende ei orsaking til brødrene Husom. Ordføraren valde å avvisa ei votering.

Berre fordi ein har rett til å gjere noko, gjer det ikkje rett å gjere.

Eg trur kommunestyrets fleirtal i denne saka representerer innbyggjarar og tilsette sitt ønske om å alltid skulla skapa ei betre verd for alle som veks opp.

Geir Angeltveit, Stord Venstre

Les også
Vanskelege ord