0,2: Førstekandidat Dag Sele i Partiet Sentrum vil ha ned promillegrensa på sjøen. Foto: Per Lønning

Med personleg fridom og promille i førarsetet

Dei fleste alkoholpolitiske planar og strategiar som politikarane vedtek legg til grunn at det er viktig å førebyggja sjukdom, ulukker og død forårsaka av alkohol. Dette blir oftast vekta tyngre enn den personlege fridommen til å drikka når ein vil. Men på sjøen er det visst ikkje heilt slik.

Les også
14 menn omkom i ulukker i fritidsbåt første halvår

Førekomst av promille hos omkomne i fritidsbåtulukker er stigande. I 2019 hadde 8 av dei 28 omkomne promille og i 2020 var det 10 av 20. Halvdelen av dei omkomne hadde altså promille og seks av dei ti var førarar av båten. Lover påverkar haldningar. Dette har ein sett i samband med at promillegrensa for bil vart senka. Fleire organisasjonar har difor i fleire år arbeidd for å redusera promillegrensa til 0,2 på sjøen også. Men her har omsynet til den personlege fridomen til båtturistane til no vore umogeleg å trumfa. Regjeringa vedtok i staden ein nullvisjon for omkomne i småbåtulukker. Men å røra den personlege fridomen til å kombinera alkohol og føring av båt var altså ikkje eit aktuelt verkemiddel for å koma nærare visjonen sine fine ord. Så sterkt står den personlege fridomen i denne regjeringa.

Les også
Slik har sommaren vore for den lokale redningsskøyta

Partiet Sentrum blir i andre samanhengar (enn så lenge) kalla eit promilleparti, men i denne samanhengen er me det ikkje. Me vil kjempa for at omsynet til det felles gode, liv og helse, skal trumfa noko av den personlege fridomen, også på sjøen. Difor har me programfesta ei promillegrense på 0,2 for båtførarar.

Dersom Partiet Sentrum får noko fleire promille ved valet i haust og båtførarane etter kvart mindre promille, ville begge deler definitivt ført til at den personlege fridommen i noko mindre grad vil trumfa omsynet til det felles gode i samfunnet vårt.

Dag Sele, førstekandidat til Stortinget for Partiet Sentrum i Hordaland