Karen Elisabet Rydland Sæbø.
Karen Elisabet Rydland Sæbø.

Meir om eigedomsskatt i Fitjar

Fitjar Senterparti har programfesta gode tenester til Fitjarbuen dei neste 4 åra. Me har tru på at kommunen skal kunna drivast godt framover som eigen kommune.

Men me vil også vera realistiske: det er sant at regjeringspartia med sine reduserte overføringar til kommunane prøver å straffa frivillig små kommunar, det er sant at det ville vore pengar å spara på å f eks leggja ned grendeskular. Det veit me alle. Men me trur det er best for innbyggjarane og kommunen alt i alt at me framleis har 3 barneskular og at me får styra ein eigen relativt liten kommune. Å då gå til val på at ein vil redusera eigedomsskatten og på sikt fjerna den, det er rimeleg optimistisk. Så blå(auga) vil me ikkje vera. Fitjar Senterparti sitt mål er å vera ærlege med veljarane. Ja, det kjem til å kosta pengar å ha skulane og resten av tenestene på det nivået me har i dag. Og ja, noko av inntektene til Fitjar kjem frå eigedomsskatt. Desse treng me. I alle fall i 2 år til. Ja, me la fram eit langtidsbudsjett i desember 2018 med ein liten auke i eigedomsskatten, men me brukte i alle fall ikkje opp nærare 100 % av lakse-millionane, som Fitjar Høgre heilt fram til dagen før budsjettmøtet var så opptekne av å setja på fond, til å koma i mål med eit budsjett i balanse.

Eit godt val for Fitjar Senterparti gir mange flinke, engasjerte og ærlege politikarar som vil gjera ein innsats for bygda si, i kommunestyret i Fitjar.

Karen Elisabet Rydland Sæbø,

ordførarkandidat,

Fitjar Senterparti