Signe Ekeland.
Signe Ekeland. Foto: Marius Knutsen

«Mindre skilnader i makt og rikdom»

SV vil jobbe for rettferdig fordeling og meir demokrati. Små skilnader gjev bete folkehelse, større verdiskaping og gode fellesskap. Limet i samfunnet er kultur, det er ikkje personleg økonomi og bustadadresse som skal avgjere om folk skal ha tilgang til eit kulturtilbod eller ikkje. SV vil satse på biblioteka og musea i heile fylket. SV vil gje nynorsken gode vilkår, og arbeide for at det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev.

SV arbeider for busetting og levande lokalsamfunn i alle delane av det nye fylket, og vil jobbe for maktspreiing og mindre sentralisering.

For dei mange – ikkje for dei få. Stem SV.

Signe Ekeland,

fylkestingskandidat Vestland SV