Misvisande om osteopatar, kiropraktorar og fysioterapeutar

I ein artikkel publisert 15/2-21 kan vi lese at Rebecka Refvik etablerer Bømlo osteopatiklinikk. Vi vil først gratulere ho med opninga og ønske lukke til. Gode fagpersonar på muskel- og skjelettplager blir meir og meir viktig i tida som kjem. I artikkelen kjem Refvik med ein påstand som me ikkje kan la stå uimotsagt. Dette fordi det gjev eit dels villeiande inntrykk av kva som skil ein osteopat frå ein kiropraktor og ein fysioterapeut.

Ho blir sitert på; «Osteopater arbeider med muskel- og skjelettplagar. Behandlingsforma har ein annan tankegang og filosofi enn til dømes fysioterapeut og kiropraktor. – Det handlar om måten me nærmar oss pasienten og smertene på. Me er passive i behandlinga og bruker hendene til å undersøkja og behandla. Me bruker og god tid på pasientane, seier Refvik. Ein osteopat ser på heile livet til pasienten. Korleis til dømes sjukehistoria, kvardagen, livet og smertene påverkar personen.»

Les også
Rebecka (24) startar eigen klinikk: – Det er litt skummelt, men ein må satsa

For å retta opp eventuelle feiloppfatningar publikum måtte ha kring t.d. tidsbruk, bruk av hender i undersøking/behandling og ein heilskapelig tilnærming til pasienten når det gjeld dei nemnde yrkesgruppene vil vi i det vidare forklara kva kiropraktorar og fysioterapeutar generelt sett har som utgangspunkt, filosofi og tankegang: Ein kiropraktor har oppnådd ein mastergrad, og er offentleg autorisert helsepersonell med rettar knytt til sjukefråvær, direkte tilvising til legespesialist og bildebehandling. Ein kiropraktor er ein spesialist på musklar og skjelett. Ein kiropraktisk evaluering består av ein grundig gjennomgang av pasienten sin personlege og medisinske historie for å forstå eventuelle mekanismar som kan ha forårsaka pasientens plage. Kiropraktoren går deretter i gong med undersøkinga der ein testar nevrologi og deretter funksjonelle bevegelsesmønstre for å sjå etter eventuelle problem.

KOMMENTAR: Kiropraktor Aaron Fulton-Brown Foto: Privat

Etter å ha gjennomsøkt heile kroppen for eventuelle problem, vil kiropraktoren forme ut og sette i verk ein behandlingsplan, så framt dette blir sett som trygt, nødvendig og forsvarleg. Behandlinga består oftast av manipulering- og mobilisering av musklar, ledd og bindevev der hendene er det mest brukte verktøyet, og dessutan rådgjeving og rettleiing.

Ein fysioterapeut er og offentleg autorisert helsepersonell med ein fireårig teoretisk- og praktisk bachelorutdanning med mogelegheit for mastergrad eller vidare spesialisering innanfor ulike retningar som til dømes muskel-skjelettplager, idrett, kvinnehelse eller psykomotorikk. Fysioterapeutar jobbar på svært forskjellige arenaer og med ulik tilnærming. Felles er målsetninga om å oppdage- og styrke faktorar som held oppe helse og motverka faktorar som bidrar til funksjonsfall, smerter og sjukdom. Innanfor klinisk fysioterapi blir dette gjort gjennom ein grundig undersøking der ein teke for seg deler av både biologiske, sosiale og psykologiske faktorar. Viktige verktøy i undersøkinga er god kommunikasjon med pasienten, objektive testar og palpasjon/berøring med bruk av hender. Undersøkinga endar opp i ein funksjonsdiagnose og ein setter eit mål for vidare tiltak saman med pasienten. Vidare tiltak kan vere alt frå eigentrening i heimen til manuell behandling med bruk av hender og andre behandlingsverktøy.

Aaron Fulton-Brown, kiropraktor

Vegar Lønnheim, fysioterapeut

B3 Helse, Heiane, Stord