ULOVLEG VERK: Fantastisk og utruleg vakker kunst av første klasse, skriv Atle Aga. Foto: Ingvild Siglen Berger

Møllekunst

Skal sjølvklart ikkje avsløre min motstand mot vindmøller i landets fauna, og skal heller ikkje rose gatekunstnar Isdals sommarfugljente og svart mølle, skal heller ikkje oppfordre andre kunstnarar om å ytre sine meiningar om statleg og kommunal forsøpling av Noregs natur i form av kunstverk på eksisterande forsøpling (møller). Men på ei anna side sett kan det jo skape arbeidsplassar, og kanskje også norske (ikkje importerte smitteberarar) til å overmale vakre kunstverk om andre kunstnarar og vil publisera kunstverka på eksisterande «lerret»?

Les også
Stord-kunstnar laga gatekunst på vindmølle - slik reagerer vindparksjefen

Ikkje la det komma ut Isdal, men mellom oss sagt var det heilt fantastisk og utruleg vakker kunst av første klasse, og bodskapen trur eg er forstått?! Spørsmål til slutt: Er det statleg eller kommunal eigedom, eller Midtfjellet vindpark som eig det dei mot folkets vilje har plassert i naturen mot stor del av folkets vilje?

Og skal sjølvklart ikkje våge spørsmålet om namnet Midtfjellet vindpark sjølv om forsøplinga (av vindmøller) dekkjer enormt område av fjellområde mot Fitjar, Tysnes og Huglo, det må jo finnast ei grense for frimodige ytringar i såkalla demokratisk samfunn der alle liksom har ytringsfridom!

Les også
NVE gløttar på døra for kunsten

Oppfordring til slutt: Ikkje bruk tid, resursar og krefter på å male kunst på eksisterande lerret i den såkalla frie natur/fjellet (vindmøller) om dokker ikkje er svært oppteken av å skaffe arbeidsplassar som kan overmale kunsten!

Svært nær nabo til Midtfjellet vindpark.

Atle Aga