MISTA I MAGEN: Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Når verda går frå pastell til svart

Ufrivillig barnløyse er framleis eit tabu, skriv ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland.

Det var ikkje før eg hadde vore der sjølv, og opplevd at planane eg hadde lagd for dagar, veker, år, ja eit heilt liv, vart til ingenting. Alt var grått og svart. Då eg til slutt klarte å fortelja nokon kva som hadde skjedd, skjønte eg kor vanleg det er å mista eit barn i magen. At ein aldri kan ta for gitt at ein skal bli mor eller far.

Journalist Kristine Brandsdal Barane har følgt 33 år gamle Camilla Abelsen sidan februar i år. Ho har vore med på både oppturar og nedturar. Hos gynekologen, og på toalettet for graviditetstesting. Dette har blitt til podkast-dokumentaren «Camilla vil ha baby», eit prosjekt me i Sunnhordland har laga med støtte frå Fritt Ord.

PODKAST: Sunnhordland-journalist Kristine Brandsdal Barane (t.v.) har følgt Camilla Abelsen tett det siste året. Resultatet kan høyrast i den nye podkasten Sunnhordland dokumentar gjennom desember og januar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Kva skulle han heita då? Eg skulle ønskt at eg hadde storebroren min.» Dette er ting som den eldste sonen min har sagt til meg, då han var liten. Han og brørne har alltid visst kva som skjedde. At nokre av dei ørsmå kleda dei hadde som baby, var meint til ein baby som aldri kom.

Ein reknar med at mellom 10 og 30 prosent av alle svangerskap endar med spontanabort. For nokre, som meg, er ein heldig seinare. Andre går gjennom fleire rundar. Nokre svært mange. Og for nokre blir dei pastellfarga barnekleda berre ein fjern draum for alltid.

Les også
Premiere på ny podkast-dokumentar

Det er ingenting det er så mykje framtid i som ein baby. Det er også vanskeleg å tenkja seg noko meir livsendrande. Det er difor lett å leva seg inn i det altoppslukande ønsket til Camilla, og kjenna kva som står på spel.

Ufrivillig barnløyse er framleis eit tabu. Det er personleg, intimt, uendeleg sårt, og vanskeleg å snakka om. Eg kjenner det når fingrane mine no glir over tastaturet, sjølv om eg veit at det skjedde tidleg i svangerskapet, og at mi historie er langt frå unik. Den er diverre heilt vanleg, og det er difor det er viktig å fortelja.