KOMPETANSE: – For Vestlandet sin del er det heilt avgjerande at ein lukkast med å sikre rett og nok kompetanse til å utløyse potensialet som ligg i overgangen til det grøne skiftet som vi no står midt i, skriv Tommy Aarethun. Pressefoto

«Naturressursane og kompetansen må koplast!»

– Denne veka vart NHO sitt kompetansebarometer for 2021 lansert. Det syner med anna at to av tre verksemder har eit udekt kompetansebehov og at nesten halvparten av verksemdene forsøkte å rekruttera i 2021 utan å få tak i ynskja kompetanse. Det bør bekymra oss.

Tala frå kompetansebarometeret til NHO bør vera ein viktig del av bakteppet for drøftingar om korleis utdanningssektoren skal utviklast framover, men også for drøftingar om korleis ein kan sikra eit tettare samspel mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet og offentleg sektor. Med eit arbeidsliv som stadig er i endring, og eit samfunn som står overfor store og komplekse utfordringar er det få ting som vert viktigare framover enn å sikra tilstrekkeleg kompetanse som er «tett på» utfordringane i næringslivet og offentleg sektor.

Norske universitet og høgskular skal frå neste år av verta styrte etter tre overordna sektormål, i tillegg til utviklingsavtalar med kvar einskilde institusjon. Det eine av sektormåla, god tilgang til utdanning og kompetanse i heile landet, har i ei nyleg høyringsrunde hausta kritikk i sektoren – som meiner målet kan gå på bekostning av kvaliteten i utdanningane.

Det burde ikkje komma som ei overrasking på nokon at denne regjeringa legg inn eit slikt sektormål. Ei heller er det særskilt overraskande at det vert reaksjonar på eit slikt mål frå aktørane i utdanningssektoren.

Framover er det avgjerande at ein klarar å dekka kompetansebehovet i heile landet, samstundes som ein har leiande utdannings- og forskingsinstitusjonar. Difor treng vi alt frå fagskular til leiande breiddeuniversitet, men det verken kan eller bør vera eit mål at desse er mest mogeleg like. Arbeidsdeling, mangfald og samarbeid mellom ulike typar institusjonar vil verta sentrale stikkord for å lukkast.

For Vestlandet sin del er det heilt avgjerande at ein lukkast med å sikra rett og nok kompetanse til å utløysa potensialet som ligg i overgangen til det grøne skiftet som vi no står midt i. Framover må ein lukkast med å kopla nok og riktig type kompetanse på naturressursane her i regionen. God kontakt og eit tett samspel mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonane i regionen vert viktigare enn nokon gong. Det vil alle partar tena på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tommy Aarethun, dagleg leiar Initiativ Vest