FERJER OG FORUREINING: «Dei lukkar auga for dei store naturinngrepa kanskje òg i sårbar natur andre stader i verda for dei store mengdene mineral som skal til i alle dei hundrevis av tonna med batteri», skriv Håkon Røstbø i svaret til Naturvernforbundet. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

«Naturvernforbundet lukkar auga for dei store naturinngrepa med ferjer til evig tid»

Ein skal vita kven ein legg seg ut med, heiter det seg. No har eg visst lagt med ut med sjølvaste Naturvernforbundet (NF). Dei stiller med ikkje mindre med eit aldri så lite blandakor av eit ekspertpanel som underskrivarar på vegner av forbundet, i eit motsvar til meg 20. september her i avisa til innlegget mitt «Hordfast eller ferjer til evig tid» som stod på trykk for eit par veker sidan.

NF går friskt ut og raljerer over at eg med prosenttal prøvde å få fram kor mykje areal vegen ville utgjera og slik sett visa att i landskapsbiletet på Reksteren av eit avgrensa areal som ei øy er. Det må jo vera av interesse kor mykje som vil vera att av kystregnskogen og andre naturtypar på øya etter at vegen er bygt. Dette var ikkje noko hovudpoeng i innlegget mitt, men som avisa valde å trekkja fram med feite typar. NF vel i staden å nytta fotballbanar som eining for å få fram kor mykje areal vegen vil ta. Kvifor ikkje nytta handballbanar eller for den del tennisbanar for å fram eit endå høgare tal.

Ein kan sikkert rekna om vegane våre til X tal fotballbanar med øydelagt natur, men vegane er både limet og pulsårene i samfunnet vårt der E39 er hovudpulsåra på Vestlandet. Ferjestrekninga Halhjem-Sandvikvåg utgjer ei stor innsnevring på denne hovudpulsåra som igjen legg eit sterkt hinder på både mobiliteten og samhandlinga i samfunnsmaskineriet.

Ein må gjera kva ein kan for at inngrepa i naturen skal bli så små som mogeleg ved vegbygging generelt og stamvegar spesielt og leggja vegen utanom sårbar natur som boreonemoral regnskog så langt det let seg gjera. Kanskje kan vegen leggjast i viadukt over eller i tunnel under slike område. SVV tar dette med minst mogeleg inngrep i sårbar natur på det største alvor og har sterkt fokus på dette i reguleringsplanane.

NF svarar ikkje på nokon av problemstillingane eg tar opp i innlegget mitt, men kjem i staden med ei oppramsing av alle naturtypar vegen vil øydeleggja og elles bilen sine destruktive verknader i naturen. Ein kan få bilskam av mindre. Når det gjeld auka biltrafikk inn mot Bergen, så må E39 leggjast utanom byen ved å byggja ringveg aust. Biltrafikk inn mot sentrum må sterk avgrensast ved t.d. rushtidsavgift og at det vert lagt til rette med parkeringsplassar ved kollektive knutepunkt utanom bykjernen.

Jo med eit unnatak så nemner NF at eg er oppteken av energimengda som går med til ferjedrifta, men at eg ikkje nemner den formidable auken av energi som ei femdobling av trafikken vil medføra etter at bompengeperioden er over. Det dei ikkje tar med i reknestykket er at nedlegging av ferjedrifta etter bruopning vil redusera dagens energiforbruk ned til ein tjuendepart. Ned til 25.000 kWh i døgnet mot dagens 500.000 kWh. Ei femdobling av trafikken i 2050 vil altså utgjera berre ein fjerdedel av dagens energiforbruk og endå mindre grunna at det berre vil finnast elbilar på vegen.

For NF trumfar urørt natur på Tysnes alt og er difor imot bygging av både bruer og vegar. Dei synest difor det er greitt at det i realiteten er kolonnekøyring 2,3 mil i 30 km/t med opning kvart 20. minutt på europavegen mellom Stord og Os. Det er ei ærleg sak. Men dei lukkar auga for dei store naturinngrepa kanskje òg i sårbar natur andre stader i verda for dei store mengdene mineral som skal til i alle dei hundrevis av tonna med batteri som er naudsynt ved elektrifisering av ferjedrifta over Bjørnafjorden i eit hundreårs perspektiv. Dei lukkar òg auga for kor ein skal henta den store straummengda ifrå til denne ekstremt ineffektive person og køyretøy-transporten. Kanskje skal straumen hentast frå nye gigantiske vindturbinar på Fitjarfjellet med naturrasering og utslepp av store mengder mikroplast som resultat.

Då er løysinga heller slik det store fleirtalet på Stord og Fitjar ønskjer, nemleg å byggja Hordfast snarast mogeleg. Og brua skal bli fin den sjølv om det ikkje er så nøye for Naturvernforbundet. Takk for meg.

Håkon Røstbø