Naturvernforbundet: Frå venstre: Jan Rabben, Inger Kristine Volden, Helene M. Hystad, Per Fadnes, Hallgeir Matre, Fred Ola Bjørnstad. Jan Magnus Magnussen var ikkje tilstades då bilete vart tatt. Foto: Privat

Naturvernforbundet om Hordfast

Naturvernforbundet på Stord starta opp att i mars i år, og me opplever auka aktivitet og kontakt med stordabuen i samband med Hordfast-saka.

Tilhengjarane av Hordfast har lukkast i å samla seg og kommuniserer som om Hordfast er noko alle i regionen ynskjer. Vårt inntrykk er at dette slett ikkje er tilfelle, jf. side 4/5 i Sunnhordland 6. mai. Me vil her imøtegå fleire av dei etablerte «sanningane» om Hordfast-prosjektet:

Samfunnsnytte

Tilhengjarane av Hordfast bruker som hovudargument at den samfunnsmessige nytten er svært høg og at dette åleine er god nok grunn til byggja dette gigantiske veganlegget. Det er Statens vegvesen (SVV) som har rekna seg fram til denne nytteverdien. Problemet er berre at dei ikkje har følgt sine eigne retningslinjer i utrekningane, noko Naturvernforbundet i Hordaland har grundig dokumentert.

I SSV si handbok «V712 – Konsekvensanalyser» står det m.a. om samfunnsøkonomisk lønsemd: «I alle prosjekter gjøres det en sammenstilling av prissatte og ikke-prissatte konsekvenser med en samlet vurdering av fordeler og ulemper og rangering av alternativer.» … «Et prosjekt er samfunnsøkonomisk lønnsomt når summen av prissatte og ikke-prissatte fordeler er større enn summen av prissatte og ikke-prissatte kostnader (ulemper) …».

SVV har hoppa bukk over dei ikkje-prissette konsekvensane og berre rekna på økonomien som ligg i innsparing av reisetid, uansett kva den innsparte tida blir brukt til. Auka trafikk vert av SVV også rekna som positiv samfunnsnytte, sjølv om me har vedtekne nasjonale mål om nullvekst i trafikken. Utrekning av samfunnsnytte er uansett ikkje nokon eksakt vitskap, og sjølv utan dei ikkje-prissette konsekvensane vil svara vere svært diskutable.

Dei store naturverdiane som vil gå tapt ved ei utbygging, er vel dokumenterte og er altså ikkje rekna inn i samfunnsnytten. Dei er i praksis sette til null! Hordfast kan umogleg ha «positiv samfunnsnytte» når ein gjer ei samla vurdering av ikkje-prissette og prissette konsekvensar slik SVV si handbok seier ein skal gjere. Me meiner at dei store naturinngrepa åleine, sett i lys av dei utfordringane FN ser ved tap av artsmangfald, gjer at samfunns-«nytten» hamnar langt nede på minussida.

Ikkje eit godt klimaprosjekt

At Hordfast er eit godt klimatiltak, er ein påstand som har blitt ein gjengangar på argumentasjonslista til hordfastpådrivarane. Grunngjevinga er først og fremst at flytrafikken mellom Stavanger og Bergen blir sterkt redusert og at ferjene forsvinn ved bygging av Hordfast. Men realistiske og langt komne planar om elektrifisering gjer at utsleppa frå fly og ferjer vil ta slutt uansett, lenge før Hordfast eventuelt står ferdig.

Ein ny rapport frå NINA (Norsk institutt for naturforskning) viser at om lag 80 % av karbonet som er bunde opp på land, finst i jordsmonnet – tre gonger meir enn i atmosfæren. Øydelegging av myr, skog og mark – ein firefelts motorveg vil krevja enorme areal – vil med andre ord føra til store klimagassutslepp, år etter år. Denne viktige skade-effekten er ikkje med i berekningane som skal visa at Hordfast gir klimagevinst.

Produksjon av stål og betong gir også store klimagassutslepp, og det er ikkje småtteri som må til om hordfastbrua skal byggjast. Kva som då til sjuande og sist skal få klimarekneskapen på pluss-sida, er mildt sagt uklart.

Trafikksikring

E39 over Stord er i løpet av dei siste åra blitt rimeleg godt utbetra, og det skjer no svært få alvorlege ulykker her. I 2022 vil vegen mellom Svegatjørn og Rådalen gjera at strekninga mot Bergen får høg standard, og reisetida vert kortare. Nye ferjer er på plass, og desse blir no etter kvart elektriske. Regulariteten er blitt svært god, og ferjeturen er for mange kjekk og avslappande. Ein kan òg nytta tida til jobbing. Til samanlikning er ulykkesrisikoen på E16 mellom Bergen og Voss svært høg. Vestland fylke har ei klar fråsegn om at omsynet til liv og helse gjer at veg- og jernbaneanlegget på denne strekninga må prioriterast føre Hordfast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bompengar

Bompengetaksten for å bruke Hordfast burde interessere dei fleste på Stord. Noko beløp har det vore nesten umogleg å få fram i debatten som har vore, men det har vore antyda ein pris på kr. 4–500 éin veg. Meir realistiske berekningar viser at bilistane samla må betala over 17 milliardar i bompengar, noko som vil gi ein pris på rundt kr. 700 pr. passering (NRK.no 15. april). Kven kan dagpendla med slike utgifter? Etter at Vestland fylke ser ut til å nedprioritera Hordfast, har lobbyistane fått kalde føter, og Øyvind Halleraker påstår no at bompengane vil liggja om lag på dagens ferjepris. Korleis kan ein ta slike påstandar, tekne ut av lause lufta, alvorleg? Når Hordfast står ferdig, skal trafikken doblast – så er spørsmålet: Kvar kjem alle dei nye bilane frå?

Meir enn 340 fotballbanar

Fylkesmannen i Hordaland har karakterisert Hordfast som det største naturinngrepet i fylket i moderne tid. På NRK.no (4. mai) kan ein lesa at norsk natur forsvinn bit for bit i eit urovekkjande tempo. Kvar femte art i Noreg er på lista over trua artar, den såkalla raudlista. På Reksteren i Tysnes finn vi kystregnskog, ein sterkt trua naturtype der det veks ei rekkje trua artar som har hovudutbreiinga si i slik skog. Noreg har eit globalt forvaltaransvar for denne naturtypen. Her vil ein altså byggja ein firefelts motorveg, eit inngrep som vil øydeleggja store areal av både skog, myr og dyrka mark. Éin kilometer motorveg vil leggje beslag på 100 dekar natur. Traseen over Reksteren til Hodnaneset er ca. 23 km lang når tunnelane er trekte frå, noko som gir eit areal tilsvarande ca. 340 fotballbanar av internasjonal standard, berre i Tysnes kommune! Så kjem inngrepa på Stord i tillegg.

Det kan også vera på sin plass å minna om sentraliseringsspøkjelset som lurer i bakgrunnen om det kjem ein firefelts motorveg/gjennomfartsveg over Stord. Kva vil då skje med sjukehus, flyplass og andre store institusjonar og verksemder?

Naturvernforbundet på Stord