ENERGIBRUK: Ferja over Bjørnafjorden bruker ca. 20 gonger så mykje energi for kvar bil som blir frakta, som om bilane køyrde på eigne hjul den same strekninga. ARKIVFOTO: MARIUS KNUTSEN

Naturvernforbundet snublar i eigne reknestykke og logikk

Ut frå det siste lesarbrevet frå Naturvernforbundet, synest det å vere ei umogeleg oppgåve å få dei til å innsjå at Hordfast vil gi store kutt i utslepp av klimagassar i forhold til dagens situasjon, uansett kva data og fakta som blir lagt fram. Eg har tidlegare utfordra og håpa på at Naturvernforbundet kunne arbeide litt medstrøms for å medverka til skånsam bygging av Hordfast med tanke på natur og miljø Men også her synest det å vere same metode som då Trekantsambandet skulle byggjast. Då stod dei også med hælane i bakken til ein måtte innsjå at Trekantsambandet ville bli bygd. Siste dagane før vedtak fann ein ut at ein ville heller ha flytebru over Digernessundet. Kanskje like godt dei ikkje er blanda inn i samferdselsprosjekt. Naturvernforbundet bør i det minste bestemme seg for om Hordfast vil få for liten eller for stor trafikk. Dette synest å varier etter som om det er bompengar eller miljø som blir diskutert.

Eg er sjølv glad i den fine naturen vår. Men kjensler, tru, tvil og fornekting av fakta ligg utanfor mitt kompetanseområde for ein debatt. Eg er ingeniør og ønsker å halde meg til data og fakta og dessutan logiske samanhenger. Så tilbake til dei: Naturvernforbundet er kommen så langt at dei innrømmer: « Ja, det er heilt rett at ferjer bruker mykje energi, men......» så kjem ei rekke påstandar om trafikktal og energibruk som ikkje «heng på greip». Eg vel å tru at Naturvernforbundet i beste fall må ha misforstått mine tidlegare lesarbrev og dessutan dei fakta og data disse er basert på.

For å gå tilbake til det store energiforbruket på ferjer: Eit grunnleggjande utgangspunkt må vere at ferjer er tilpassa den biltrafikk dei skal frakte. Framtidig trafikkauke ville difor betydd større eller fleire ferjer og dermed større energiforbruk. Her ligg første brest i logikken til Naturvernforbundet. Ferja over Bjørnafjorden bruker ca. 20 gonger så mykje energi for kvar bil som blir frakta, som om bilane køyrde på eigne hjul den same strekninga. Ferjestrekninga over Bjørnafjorden er 23 km. Det vil seie at ein bil kan køyre 460 km for same energien ferja i dag bruker for å frakte bilen over Bjørnafjorden. Tar ein med at ferja over Boknafjorden også blir borte, kan ein plusse på 200 km. Dette betyr meir enn 3 gonger avstanden frå Bergen til Stavanger i energimessig innsparing ved å fjerne ferjene.

Eksempelet her er meint for å vise kor mykje energi ein kan spare i personbilkilometer ved å byggje bru til erstatning for ferje. Naturvernforbundet synest å forstå dette og liknande eksempel som at ein skal drive «tullekjøring» mellom Bergen og Stavanger på den sparte energien fordi at ferjene er borte. Men det eksempelet verkeleg viser, er at eit ferjefritt samband vil gi netto kutt i energi /klimagassutslepp uavhengig av trafikkauke mellom Bergen og Stavanger. Trekkjer ein inn flytrafikken vil også gevinsten vere ca. 10 gonger for kvar person som blir flytta frå fly til bil/buss på veg.

Les også
Hordfast er eit særs dårleg miljøprosjekt og langt frå eit klimatiltak

Ein må også leggje til grunn at trafikken i dag og i framtida er bestemt ut frå eit behov for å reise og at det brukast det transportsystemet som folk synest er mest teneleg. Eit saumlaust trafikksystemet som bil på veg, vil ofte også tidsmessige ha fordelar i forhold til fly. Ferjer skal ikkje brukast for å stengje eller regulere dette transportbehovet. Også eg trur at framtidig teknisk utvikling innan det grøne skifte vil kunne gi reduksjon i utslepp av klimagassar. Men dette må likevel baserast på fysiske lover og realisme.

Klimagassar må vurderast i global samanheng. Reduksjon av klimagassar er i stor grad avhengig av effektiv bruk av energi og dessutan produksjon av reinare energi. «Perpetuum mobile», ein maskin/farkost som går utan tilført energi, er det enda ingen som har klart å lage. Elfly treng meir energi enn vanlege fly på grunn av vekta på batteri. Elektrisitet som blir brukt må også bli produsert. Dette vil også normalt føre til naturinngrep. Det same gjeld hydrogen og andre energiberarar. Energi er i dag den beste indikatoren i klimasamanheng. Reknestykka er enkle, om ein ikkje roter seg bort i mellomledd og transmisjonar. Det blir som ved bokføring; å balansere kredit og debit. På denne måten kunne ein også i større grad unngå kreative bokføring i nasjonale klimarekneskap med kredit og debit på kvar si side av landegrensene.

Eit samandrag av det eg i mine lesarbrev har prøv å forklare blir: Hordfast er eit ferjefritt samferdselsprosjekt. Elferjer vil ikkje bli ein del av eit ferjefritt samband. Klima og miljødata er utarbeida for å ha eit grunnlag for vedtak i høve realisering av prosjektet. Målet er samferdsel, ikkje at prosjektet skal redde verda. Hordfast kjem svært positivt ut med omsyn til samfunnsnytte og reduksjon i klimagassar i forhold til situasjonen i dag. Difor bør det byggjast snarast. Eg står framleis på konklusjonen i mitt fyste lesarbrev: «Hordfast. Bruer og gode vegar har positiv klima effekt.»

Til Naturvernforbundet vil eg berre minne om Ibsen sine ord: «Når utgangspunktet er som galest blir resultatet titt orginalest».

Jan Helge Nesse