GIGANT: «Pioneering Spirit» blir liggjande i Leirvik gjennom heile fellesferien. «Eit så stort skip bør liggja ein annan stad», meiner Unni Østrem. Foto: Steinar Hystad

Nei, hamnesjef – Vikafle er ingen grei stad for verdas største lasteskip

Sundag 04.07.21 høyrde eg høge lydar frå sjøen, og lurte på kven som øydela helgefreden. Då eg kikka ut vindauga, reiste det seg ein mørk vegg av eit skip der eg elles ser mot Hystad.

Sunnhordland melde sist måndag at dette var gigantskipet «Pioneering Spirit» som skulle liggja tett inntil Leirvik i fire-fem veker. Ein «grei stad» å plassera skipet, ifølgje hamnesjef Espenes. Til Sunnhordland grunngjev han plasseringa slik: «Me blei einige om at det var ein god plass sidan det er lunt og fint og perfekt djupne. Det er ikkje noko spesielt leige å betala sidan dei ligg ankra».

Me som bur i nærleiken har eit anna syn på saka. Skipet durar døgnet rundt. Det går såleis ikkje an å sitta på terrassen eller sova med ope vindauge, utan å bli plaga av støy. Eit så stort skip bør liggja ein annan stad.

Unni Østrem

Les også
Giganten blir gjennom heile fellesferien