Magne Rommetveit (Ap) kallar regjeringspartia si heilomvending for frekk, komisk og urett. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nei, regjeringspartia og Frp har ikkje berga trafikkstasjonen

Dei har bare utsett avgjerda til etter valet.

Frekkare enn flatlusa har me eit uttrykk som seier. Det må vera treffande for at regjeringskameratane nå er rundt i det ganske land og påstår at dei har berga trafikkstasjonane mot nedlegging.

Dette er ikkje bare frekt, det er også komisk og urett.

Det som er sant er at dei borgarlege partia foreløpig har berga trafikkstasjonane frå sin eigen politikk for nedlegging. Dei kjøper seg tid til etter valet, og vil openbert nå unngå kritisk merksemd om sin eigen politikk i valkampen.

Saka gjeld eit representantforslag i Stortinget frå Arbeidarpartiet om å berga trafikkstasjonane. Høgrepartia har altså nå altså snudd, og dei lanserer det som ei gladnyhende.

Partia som samarbeider om regjeringsmakta - Høgre, Frp, Venstre og Krf - har i tre omgangar bestilt utgreiingar om korleis dei vil endra i trafikk- og kjøretøyområdet i Statens vegvesen. Bestillingane har vore motiverte av å spara pengar, samt å privatisera så mange tenester i etaten som mogleg. Det er desse partia som nå gjer forsøk på å framstilla seg sjølv som redninga for nedleggingstrua trafikkstasjonar.

Regjeringa konkluderte i ei pressemelding den 1. juli 2020 kva trafikkstasjonar og tenestetilbod som skulle leggast ned. Dette har Arbeidarpartiet heile tida vore imot. For Stord sin del innebar dette mellom anna førarprøve for motorsykkel og skranketeneser. Og nærast trafikkstasjon for å få utført desse tenestene ville då ha blitt Haugesund.

Les også
Legg ned førarprøve for motorsykkel på Stord

Arbeidarpartiet fremja i haust eit forslag om varig vern av trafikkstasjonane, og styrking av tenestetilbodet. Transportkomiteen skal koma med si innstilling nå i veka, og det er her Høgre, Frp, Venstre og Krf nå altså fremjar forslag om MELLOMBELS UTSETJING AV DEN AVGJERDA DEI SJØLV GJORDE i juli 2020.

Denne tidlegare avgjerda frå regjeringspartia møtte i si tid stor motstand frå fleire hald, mellom anna Stord kommune og Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Og nå har altså regjeringspartia og Frp snudd igjen, men altså bare mellombels. Dette er ikkje stødig politikk og truverdig politisk handtverk innafor eit område som er så viktig for lokalsamfunnet vårt.

Magne Rommetveit, stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet, Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Beheld tilbod ved Stord trafikkstasjon
Les også
Ap-Valvatne ut mot regeringa si reform: – Manglar klar strategi
Les også
Samarbeidsrådet om endra tilbod på trafikkstasjonen: – Distriktsfiendtleg nedlegging