Sp og miljø: «Kjernen i det han sa, er at han ber om forståing for at Senterpartiet vil ha tid på seg til å drøfta seg fram til gode tiltak, løysingar og konsekvensar for å realisera Paris-avtalen», skriv Johannes Kristian Landmark. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nei, Senterpartiet skal ikkje bli eit Frp-light!

I det er Kjersti Toppe og eg heilt samde. I tillegg til at alle andre senterpartistar eg kjenner, er av same meining. I denne samanheng kan det og vera verdt å ha i mente Trygve Slagsvold Vedum sitt kontante nei til Frp sitt frieri målbore av Helge Andre Njåstad i «morgennyhetene» NRK måndag 1. mars.

Så er du i din fulle rett til å stå fast på at Slagsvold Vedum sitt engasjement for Parisavtalen er slapt, halvhjarta og utan entusiasme. Og når eg hevdar at i programutkastet er det eit heilhjarta og entusiastisk engasjement for Paris-avtalen, forstår eg deg slik at det er av mindre interesse då Sp dei siste åra har vore Slagsvold Vedum og berre Slagsvold Vedum. Trygve Slagsvold Vedum er rett nok partileiar, men han er ingen partieigar, og eg kjenner meg overtydd om at han vil arbeida for å realisera Paris-avtalen til liks med alle andre norske politikarar som har programforplikta seg på den. Eg er ikkje framand for at Trygve Slagsvold Vedum kom uheldig ut av intervjuet 5. februar i Politisk kvarter. Eg meiner likevel at kjernen i det han sa, er at han ber om forståing for at Senterpartiet vil ha tid på seg til å drøfta seg fram til gode tiltak, løysingar og konsekvensar for å realisera Paris-avtalen. Marit Arnstad seier det slik, og eg kan gjerne gjera hennar ord til mine: «Klimatiltakene må være rettferdige. Dersom ikke goder og byrder blir rettferdig fordelt, risikerer vi kraftig motstand mot en helt nødvendig klimaomstilling.»

Les også
«Halvhjarta og utan entusiasme»

Eg er einig med deg i at folk flest ikkje les lange utgreiingar frå partiprogram. Likevel er partiprogramma, og heile den arbeidsprosessen som ligg bak dei, fundamentalt viktige, ikkje minst i eit valår Det er desse programma me vil våre fremste folkevalde skal arbeida etter og stå ansvarlege for. I tillegg er det og slik at alle som engasjerer seg i ein valkamp prøver etter beste evne å formidla innhaldet og det særmerkte i sitt parti sitt program.

Eg seier meg no ferdig med dette ordskiftet, og vil heller bruka tid på å setja meg endå betre inn i utkastet til nytt prinsipp- og handlingsprogram 2021 – 2025 for Senterpartiet.

Johannes Kristian Landmark