RUS: «Det er ubegripeleg at regjeringa legg fram ei rusreform som skal gi hjelp ikkje straff, utan eit einaste forslag om å betra behandlingstilbodet», skriv Odd Ståle Larsen (Frp) i lesarbrevet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nei til regjeringas forslag til ny rusreform

Regjeringas forslag til ny rusreform har skapa debatt. Så vidt eg skjøner, er det kun tilhengarane av denne reforma som hittil har uttalt seg offentleg, i alle fall i lokal media. Dette har eg fått ein del førespurnader om, så eg vil med derfor sei noko om kvifor Frp ikkje vil støtte denne reforma.

Frp vil ha ei rusreform som styrkar behandlingstilbodet til dei som lir av avhengnad og som er sjuke, ei reform som hjelper ungdom ut av rusbruk, ikkje ei reform som i praksis legaliserer narkotika.

Noreg er blant landa i verda med minst narkotikabruk blant unge. Vi er bekymra for at det førebyggande arbeidde opp mot barn og unge vil svekkast med rusreforma til regjeringa. Dersom det ikkje blir gitt passande reaksjonar på bruk og besittelse for ungdom, er signalet at narkotika ikkje er så farleg. Politiet beskriv ei verkelegheit der debatten om avkriminalisering allereie no er i ferd med å endra dei unges haldning til narkotiske stoff. Dette er svært alvorleg. Frp ynskjer likevel sjølsagt å sikra at tungt rusavhengige får tilbod om hjelp i staden for straff.

Eg registrerer at regjeringa skriv som følger: «Dei fleste som blir idømd fengselsstraff for narkotikakriminalitet blir dømd for meir alvorlege forhold der bruk og innehav til eigen bruk kan inngå, men utan tyding for straffeutmålingen».

Tungt rusavhengige vil derfor framleis kunna få bøter for annan kriminalitet utløyst av rusåtferd. Det finst i dag moglegheiter for å sona i behandling i staden for fengsel for denne gruppa. Dette ønsker Frp at også skal gjelda for bøtegjeld.

Det er ubegripeleg at regjeringa legg fram ei rusreform som skal gi hjelp ikkje straff, utan eit einaste forslag om å betra behandlingstilbodet.

Les også
Rusreform – frå straff til hjelp

Det er svært viktig å få stoppa ungdom som er på veg inn i eit liv med rusavhengnad før det er for seint. Sjølv om kvar enkelt har eit personleg ansvar for sin eigen livsførsel, kjem ein ikkje unna at dette medfører store lidingar og skade òg for familien og for samfunnet. Derfor må narkotika framleis vera ulovleg og brot på narkotikaforbodet må møtast med sterke reaksjonar. . Politiet speler ei viktig rolle i dette arbeidet, med å avgrensa tilgangen til narkotika i samfunnet.

Vi i Frp ønsker at ungdom og unge vaksne som er på veg inn i rusbruk får hjelp til å komme seg ut av dette. Spesielt viktig er det å sikra eit godt oppfølgingsapparat for unge over heile landet, og dessutan å sikra eit godt ettervern for rusavhengige etter behandling og soning.

Frp har prioritert psykisk helse og rus høgt. Det skal vi fortsetja å gjera. Vi skal førebygga betre og gi raskare hjelp. Vi vil arbeida vidare for at tenestene til personar med psykisk helse- og rusproblem skal vera heilskaplege, tilgjengelege og individuelt tilpassa.

I regjering sørgde vi òg for at Narkotikaprogrammet, som sørger for at narkomane blir dømde til behandling framfor fengsel, har vorte landsdekkande. Programmet er ein alternativ straffereaksjon til ubetinga fengsel retta mot rusmiddelmisbrukere som begår kriminalitet knytt til misbruket sitt. Den domfelte skal gjennomgå eit rehabiliteringsprogram med individuelt tilpassa innhald, som til dømes utdannings- og arbeidstiltak og behandling i helsetenesta. Ordninga kan redusera tilbakefall til ny kriminalitet og gi auka livskvalitet for ei særleg sårbar gruppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Det hev ei rose visna

Politiet må handtera eit stort omfang av kriminalitet, og eg meiner det er avgjerande at politiet har verkemiddel til å avdekka og etterforska organisert narkotikakriminalitet, og dessutan sal og distribusjon av narkotiske stoff.

Når rusreformutvalet foreslår at straff skal erstattast med eit tilbud om å møta opp på eit rådgjevingskontor i kommunen, meiner eg at dette ikkje sikrar at systemet fangar opp den enkelte og at ein ikkje får avdekka problema den enkelte slit med.

Vi må likevel prioritera førebyggande arbeid for å hindra utvikling av rusavhengnad. Det er spesielt viktig å prioritera førebygging retta mot barn og unge.

Det er derfor nødvendig at staten har finansieringsansvaret for rusomsorga slik at rusmisbrukerne ikkje blir kasteballar i hjelpeapparatet. Det må sikrast eit heilskapleg behandlingsforløp for rusavhengige, som også inkluderer oppfølging i kommunen.

I Noreg har vi opp imot 75% tilbakefall blant dei narkomane etter avrusing – tenk den enorme samfunnsnytten, kostnadsreduksjon, og det viktigste av alt den fantastiske nytten det ville hatt for kvar enkelt med dette problemet å verta møtt med et skikkelig oppfølgingssystem etter avrusing eller soning.

Ei langsiktig og grundig oppfølging som også kan hjelpe dei til å byte miljø, komma tilbake til samfunnet og det å få tilbake verdighet og følelsen av å bli verdsatt, det å føle seg nyttig.

Me må skilje mellom dei som allerede er tungt rusavhengige og dei unge som potensielt kan vera på vei inn i et rushelvette med at dei "startar i det små"

Eg ser ikkje at denne reforma kan ivareta dette. Personleg trur eg mykje av nøkkelen ligg her og ikkje i legalisering av det som set dei utav spel.

Odd Ståle Larsen, kommunestyrerepresentant Stord Frp, utvalsmedlem i rehabilitering, helse og omsorg