Ikkje imponert: Ordførar Gaute Straume Epland er lite imponert over Sunnhordland sin leiarartikkel om Arbeidarpartiet si handering av barnehagesaka. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Nesten utruleg»?

På leiarplass måndag 17.02.20 skriv Sunnhordland at det er «nesten utruleg» at Arbeidarpartiet, som «er ein av dei største kritikarane av private aktørar av offentlege tenester», ikkje fann ei betre løysing for dei kommunale barnehagane. Det må kommenterast.

For det første: Arbeidarpartiet er ikkje, slik Sunnhordland synest å leggja til grunn, motstandar av private barnehagar. Tvert imot; me er tilhengjarar av eit mangfald ulike barnehagar, og er glade me her i Stord kommune både har gode private og gode kommunale barnehagar. Vårt poeng i denne saka er at den relativt sett låge delen kommunale barnehageplassar i vår kommune er ei utfordring når det kjem til styringsmogelegheitene me som kommune har over eitt av våre viktigaste tenesteområde.

For det andre: Difor var det også viktig for oss å syta for at me i ein situasjon med mellombels lågare barnetal fann ein måte å redusera talet barnehageplassar på utan at me dermed også permanent reduserte delen kommunale barnehageplassar. Til forskjell frå om me la ned ein kommunal barnehage – slik Sunnhordland synest å meina at me burde gjort – så vil ein mellombels reduksjon av plassar i ulike barnehagar gje den fleksibiliteten me treng for å auka kapasiteten igjen når det vil bli behov for det frå 2022 og frametter. I vedtaket vårt seier me at reduksjonen skal gjennomførast ved å styra inntaket slik at me ikkje overoppfyller pedagognorma og bemanningsnorma. Utover det meiner me administrasjonen i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar er best eigna til å gjennomføra ei slik omorganisering.

Les også
Kan skapa meir uro

Viktig for Arbeidarpartiet var også at me tydeleg peika på at den neste barnehageutbygginga i kommunen skal vera kommunal og i bydel Sagvåg. Det er viktig for å auka kapasiteten i den einaste delen av kommunen med underkapasitet og for å auka delen kommunale barnehageplassar på sikt.

At Sunnhordland meiner dette er «nesten utruleg», får stå for deira rekning. Eg er overtydd om at fleirtalsvedtaket til kommunestyret var eit klokt vedtak i ei kompleks sak.

Gaute S. Epland

Ordførar (Ap)