Kjellbjørg Lunde (SV) meiner det nye utspelet frå Erna Solberg tyder på at ho fryktar Hordfast-motstanden. Foto: Henrik Mundal Andreassen

No fryktar Solberg Hordfast-motstanden

Valkamputspelet statsministeren nyleg kom med på Sandvikvåg ferjekai, kan ikkje tolkast annleis enn at ho fryktar motstanden mot favorittprosjektet sitt. Og så vil ho vise veljarane sine at Høgre står fast på at Hordfast skal prioriterast.

Ho varslar at Regjeringa i september vil legge fram ei sak der Stortinget blir invitert til å fatte vedtak om trase for prosjektet og kva form for framdrift det skal ha. Eller som Bergens Tidende så treffande formulerer det; «Vil tvinge frem avgjørelse om Hordfast i høst».

Les også
Erna kom med Hordfast-nyheit

Det blir i tilfelle første gang Stortinget kjem til å fatte vedtak i saka. Det er regjeringa sitt initiativ og vedtak som starta planlegginga av Hordfast over Bjørnafjorden, med firefelt for å køyre i i 110 km/t. Berre i samband med behandling av plandokumentet Nasjonal transportplan (NTP) har Stortinget sagt kva dei meinar om planene. Fleirtalet har godteke regjeringa sitt val. Men som debatten og andre saker og innspel, bl.a. til NTP frå fylkestinget, har vist, er andre samferdslebehov enn regjeringa sitt Hordfast, høgare på prioriteringslista.

Utspelet frå regjeringssjefen er underleg på minst to måtar: Reguleringsplanprosessen er så vidt starta. Stord kommune, som er planmynde for denne delen av Hordfast/ferjefri E39, har fått klarsignal til, trass i at regjeringa har stadfesta planen om firefeltsveg tvers gjennom Landåsen, at det kan planleggast ein alternativ trase, nærare dagens E39.

Regjeringa har sjølv, gjennom statleg plan, nettopp starta detaljregulering av strekninga Ådland bru fram til kryssinga av Langenuen ved Jektavik. Mykje planarbeid står igjen både her, på Tysnes, Reksteren og i Os, før Statens vegvesen er ferdig med sitt arbeid.

Les også
Turlaget om firefelts veg: – Få slutt på stormannsgalskapen

Lovfesta planprosedyre er at når detaljplanlegginga er gjort, blir planforslaget lagt ut til høyring, slik at alle interessentar kan seie si meining. Så oppsummerer planmynde høyringsuttalane, justerer ev. forslaget, før det blir sendt over til direktorat/departement og regjering, som så konkluderer. Slikt tek tid. Men no vil altså statsministeren vår gå utanom alle reglar, og tvinge Stortinget til å ta stilling til kvar vegen skal gå før vi veit alle konsekvensane planen medfører, og som detaljplanlegginga skal kartlegge.

Det er også høgst uvanleg at ei regjering fremmar store og kontroversielle saker i den perioden Stortinget har gått frå kvarandre, og det står eit val og eit nytt Storting med eit potensielt regjeringsskifte, for døra. Ved eit regjeringsskifte er vanleg prosedyre at den nye regjeringa ved dei ulike departementa, går gjennom ubehandla saker som er oversendt til Stortinget, og kallar tilbake slike som dei vil vurdere og ev. fremme på nytt. Sjansen er stor for at dette forslaget får eit kort liv om valresultatet blir slik det no ser ut.

Kjellbjørg Lunde, SV