«Det er no på tide at fitjarbuen får ro, me treng ikkje fleire konfliktsaker», skriv Jakob M. Vik. Foto: Marius Knutsen

No må fitjarbuen få fred

No i desse dagar har det komme ei melding frå regjeringa om innstrammingar om vindkraftanlegg i Norge. Blant anna står det «Kommuner og fylkeskommunar får nye roller i konsesjonsbehandlinga. De går frå å være høyringspart til å delta aktivt når NVE i planlegg hele løpet. Det skal framleis bli lagt betydeleg vekt på kommunenes syn i behandlinga av vindkraftprosjekt.» No må Fitjar kommune vera tydlege frå starten av at eit samla kommunestyre er i mot meir vindkraft oppe i Fitjarfjellet. Her må kommunen slå knockout frå første stund.

På Radio Haugaland sine nettsider fortel dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft kor viktig det er med Noregs klima mål, og at dei har dårleg tid. Her er det berre å slå full alarm allereie. Når ein tar me produksjonen av vindturbinane pluss øydelagt natur og øydelagt myrområde, er det tvilsamt at det reknestykket går i pluss. Ein sit då att med øydelagt natur. I meldinga om nytt vindkraftverk i Grønafjellet viser dei til FN sin klimarapport om for mykje co₂ utslepp. No er det kommen ein nyare rapport frå FN som seie at tap av natur er like stor trussel som klimautsleppa. «FNs Klimapanel og Naturpanel understrekar med all klarleik at vi trengjer intakte og robuste økosystemer for å stanse klimaendringane. Naturen med sitt artsmangfald utgjør sjølve grunnlaget for vår eksistens.»

Les også
Involvering, men ingen vetorett

Nyleg har også NINA (Norsk institutt for naturforsking) utgjeve ein rapport der dei konkluderer med at det beste klimatiltaket er rett og slett at naturen får liggje i fred. Dei skriv vidare i sin rapport om karbonlagring i norske økosystem. «Det er vel kjent at myr og produktiv skog inneholder mykje karbon, men at 33 prosent er lagra i fjellnaturen er ein overraskende opplysning. Når jorda blir graven i, lyngheier og moserabber fjerna, fjellet sprengt i stykke, frigjøres det enorme mengder karbon. Frå å liggje i dvale i jordsmonn, planter og fjell, koplast de på oksygen og svever ut som klimagass. Forskerene som står bak rapporten foreslår at vi i tillegg til ein klimakur, også startar ein naturkur, for å stanse ødeleggelsen av naturen, og rehabilitere klodens livsviktige biologi, som alle er avhengig av for å kunne leve. Kvart eit spatak i jorda og alle sprengninger av fjell og berggrunn frigjer store mengder klimagassar»

Etter eit mål av miljødirektoratet om og kartleggja alle friluftsområde innan 2018 der visse verdisetjingkriterie som blant andre opplevingskvalitetar, kunnskapsverdiar og lydmiljø fekk eit område på Grønafjellet/Tindane (Fitjar kommune) den høgaste statusen som det går an å få, nemleg «særskilt kvalitetsområde» Området blei skildra på følgjande måte: «frodig høgfjellsområde med mangfald av planter. Mjuk botnvegetasjon. Interessant fugleliv.» Når me veit at Norge har 10 prosent overskot av straum årleg, av den beste fornybare kraft i verda som me kan oppgradera, og få ut meir kraft enn all planlagt ustabil vindkraft er dette heilt ufatteleg. Altså å byggje meir vindkraft i Fitjarfjellet er mot sin hensikt og går i mot alt fornuft. Belastning på naturen og øya blir altfor stor. Dette verkar for meg som ein kamp om klokka, for og nå subsidiane (dei grøne sertifikata) som går ut i løpet av 2021, altså ein utbyttefest av mine og dine skattepengar.

Les også
Store mogelegheiter for Sunnhordland-regionen

Leiaren for midtfjellet vindkraft fortel også at dei har eit godt forhold til kommunen og innbyggjarane, det er det mogeleg at dei har men fekk kommunen mogelegheit til ei utsegn om melding av eit nytt vindkraftanlegg i Grønafjellet? Grunneigarlaget visste lite, mogeleg dei fekk ein telefon. Innbyggjarane visste ingenting før media la det ut i avisene. No var det opp til NVE sa dei då. Grunnen til dei sende ut meldinga då, som dei beskriv i meldinga til NVE var at Fitjar låg inn under den så kalla ramma for nasjonale vindkraft på land. Som dei fleste veit blei den skrota av regjeringa. Mange utbyggjarar såg på dette som ein utbyggingsplan og sende inn melding til NVE om planar om vindkraftanlegg, spesielt i desse områda. Kommunen bør oppretta dialog om dette til NVE, om at grunnlaget til meldinga blir feil, no når dei har skrota ramma om nasjonale vindkraft på land.

Når vindkraftanlegget som midtfjellet først er oppretta forstår eg godt at folk brukar dette til trening og andre ting det er jo trass alt ein av dei finaste plassane på øya som er ofra, utan at det er eit argument ein gong til og oppretta vindkraft i sårbar natur i mine auge. Eg forstår også at ein ynskjer å nytta vegen og parkeringsplassen ved Olstjødna, for og komma seg vidare innover i fjellet til dei som ynskjer litt meir friluftsliv, ro og rekrasjonområder, betre jaktområde og som ikkje vil ha denne støyen og propellane rundt seg. For dei områda er det jo lenger å komma til etter den så kalla vindparken vart etablert. Det er ein menneskerett å kunna oppleve friluftsliv og natur i ein kommune, dette er omtalt i naturmangfaldloven.

Les også
Regjeringa vil ta meir omsyn til naboar i vindkraftsaker

Men no treng fitjarbuen fred. Konfliktnivået var høgt under den første utbygginga, og den er blussa opp att no. Den splitta bygda den gongen, no er me meir samla. Det er no på tide at fitjarbuen får ro, me treng ikkje fleire konfliktsaker. Ein må også tenkje på generasjonar etter oss har rett på urørt natur. For mange av oss har ikkje fjellet ein pris, den er uerstatteleg. Eg er blitt dradd med sidan eg var ein liten gut opp forskjellige plassar i fitjarfjellet, då får stadnamna ein identitet og eg har difor blitt veldi glad i fjellet, eg føler difor eg har ein plikt til og forsvare det. Eg reknar med fleire kjenner det på same måte. No skal altså utbyggjarar som ikkje bryr seg om fjellet, som knapt kjem til og huske stadsnamna, eigarar som ikkje ein gong kan uttale namna altså prøva å få bygd ut meir industri der oppe, det er utilgivelig.

Natur og landskap har ein eigenverdi og betyr mykje for folks livskvalitet, stadsidentitet og folkehelse.

Jakob M. Vik