REKRUTTERING:- Situasjonen ved intensivavdelinga er kritisk, og vil bli katastrofal i løpet av nokre få år om ikkje ein får rekruttert intensivsjukepleiarar, skriv Reidun Stavland og Karin Bell Trældal i lesarbrevet. Foto: Privat

No må Helse Fonna velga å vera framtidsretta for å trygga helsetenesta i Sunnhordland

Intensivkapastiteten i Helse Vest er lågast i landet. Kan me i Sunnhordland stola på at Helse Bergen kan ta i mot oss om uhellet eller ulykka er ute? Den siste tida har det vore fleire avisinnlegg om intensivkapasiteten ved Stord sjukehus i Helse Fonna. Norsk Sykepleierforbund Vestland vil støtta den bekymringa som verneombud Kim Phillips Olsen ved Stord sjukehus gjer uttrykk for. Situasjonen ved intensivavdelinga er kritisk, og vil bli katastrofal i løpet av nokre få år om ikkje ein får rekruttert intensivsjukepleiarar. Mange intensivsjukepleiarar skal snart gå av med alderspensjon. Dette handlar om tryggleiken for innbyggjarane i Sunnhordland. Det er viktig at Helse Fonna tar grep no, og opprettar nok rekrutteringsstillingar i intensivsjukepleie. Søknadsfristen ved Høgskulen på Vestlandet er 1. mars 2021, og det er ei utdanning som tar to år å fullføra. Kort sagt, her er ein allereie for seint ute.

For å kunne gje innbyggjarane i Sunnhordland tilbod om ei avansert medisinsk behandling er det heilt naudsynt å ha nok intensivsjukepleiarar til ei kvar tid, heile døgeret. Dette er viktig for deg og meg som bur i Sunnhordland, til dømes om ein skulle bli kritisk sjuk.

Les også
Høie erkjenner at Norge har hatt for få intensivsjukepleiarar

Det siste året har helsetenesta og befolkninga stått i ei særs utfordrande situasjon. Vi veit allereie at eit relativt lite sjukehus, som Stord er sårbart og det skal ikkje så mykje til før drifta vert råka.

Norsk Sykepleierforbund er kjend med at Helse Bergen har stort fokus på å rekruttera og behalda intensivsjukepleiarane ved intensivavdelingane. Der dei mellom anna ser på løns- og arbeidsvilkåra før, og etter intensivutdanninga for å rekruttere søkjarar. Norsk Sykepleierforbund oppmodar styrerepresentantar i Helse Fonna til å ta tak i utfordringa ved Stord sjukehus før det er for seint.

Reidun Stavland, fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund Vestland

Karin Bell Trældal, nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Vestland