Krise: Også norske lokalaviser slit tungt som følgje av full stopp i annonseringa, og no fryktar Landslaget for Lokalaviser for framtida for norske lokalaviser. Foto: Magne Kydland

No må også kommunane og annonsørane ta vare på lokalavisene!

Særleg kommunane må no kjenne si besøkelsestid og bruke lokalavisene som annonsekanal. Slik vil innbyggjarane få viktig informasjon i krevjande tider. Samstundes vil kommunane bidra til at lokalsamfunnet har ei oppegåande lokalavis også når den verste korona-tida er over. Det er nok alle interesserte i.

Lenge før korona-krisa slo inn over oss, la ANFO Annonsørforeningen fram si årlege store studie blant norske annonsørar. I ANFOs annonsørrapport står det at 86 % av norske annonsørar støttar påstanden om at det er viktig at norske medium har ei positiv utvikling. Og at «81 % av norske annonsørar har betydeleg større tillit til kvaliteten på eksponeringa i norske medium enn i utanlandske». Samstundes er veldig mange av dei same annonsørane uroa over dominansen til Google og Facebook. ANFO er tydeleg i oppsummeringa: Norske annonsørar heiar på norske medium.

Den same haldninga oppdaga vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) då Kantar for ei god stund sidan spurde eit par hundre av lokalavisenes annonsørar om kva som var viktigaste årsak til å bruke lokalavisa. Heldigvis, og sjølvsagt, var det viktigaste for den lokale skobutikken, matvareforretninga, frisøren og bilforhandlaren at dei gjennom annonsar i lokalavisene ville få kundar inn i butikken. På same tid oppdaga vi at nesten 25 % av dei som deltok i Kantar og LLA si undersøking, faktisk også var opptatt av å støtte lokalavisa økonomisk! I tillegg til å nytte marknadsføringspengar på å få fram eige bodskap, er mange annonsørar genuint oppteken av å ha ei lokalavis i lokalsamfunnet.

No er vi inne i ei tid der både tradisjonelle annonsørar, men også kommunedirektørar, rådmenn og lokale politikarar, i praksis kan visa at dei verkeleg meiner å støtte opp om norske medium og lokale aviser.

Tilliten til norske medium og lokalaviser, som både LLA og ANFOs undersøking avdekkjer, må lokalavisene forvalta med stor respekt. Det er eg overtydd om at lokalavisene gjer – også no når korona-krisa har snudd opp ned på kvardagen til oss alle. Det er lokalavisene som har sendt sine medarbeidar inn på heimekontora, men som får ut løpande og livsviktig informasjon til innbyggjarane. Nærast frå time til time byr lokalavisene på samfunnsviktig informasjon på nett og mobil som innbyggjarane bør ha for å få den nye kvardagen til å gå rundt. Og éin eller fleire gonger i veka kjem nyhende, bakgrunnsinformasjon og intervju i papirutgåvene. På same måte som alle andre i lokalsamfunnet no gjer sitt aller beste frå morgon til kveld, viser lokalavisenes medarbeidarar ein imponerande innsats for å formidle livsviktig informasjon til innbyggjarane.

Dette arbeidet kostar pengar! Til vanleg lever ei typisk lokalavis både av annonseinntekter og abonnementsinntekter. Ein god del av dei minste lokalavisene får også ein slump pengar i produksjonsstøtte frå staten. Diverre stuper annonseinntektene til lokalavisene når koronaviruset herjar. Ei spørjeundersøking vi i LLA gjennomfører i desse dagar blant dei rundt 115 medlemsavisene våre, dokumenterer eit dramatisk fall i annonseinntektene. Blant dei lokalavisene som har svara i skrivande stund, har over halvparten av avisene mista mellom 50 og 90 % av dei lokale annonseinntektene. Mange har mista over 90 % av inntektene! Alle lokalaviser merkjer svært stort fall i annonseinntektene, blant anna fordi så mange lokale butikkar stenger og andre aktivitetar i nærmiljøet er innstilt. Lokalavisene sitt fall i annonseinntektene er eit speglbilete av det som skjer i nærmiljøet og i kommunane. I tillegg har fleire av dei store matvarekjedene tatt pause i avisannonseringa, i frykt for at kundane skal hamstra tilbodsvarer i matbutikken. Også dette gjer at lokalavisene tapar svært mange annonsekroner kvar einaste dag.

Med alt dette i bakhovudet, har vi i LLA og lokalavisene ei klar oppfordring som kan vere til god hjelp for fellesskapet: Staten og kommunane må bruke lokalavisene også som annonsekanal! Jau då, avisene formidlar sjølvsagt livsviktig informasjon på redaksjonell plass, men no må lokale politikarar, kommunedirektørar og rådmenn vise i praksis det som også andre annonsørar er oppteken av; å ha norske redaktørstyrte medium både i gode og dårlege tider. Det kan kommunane bidra til gjennom å kjøpe annonseplass i lokalavisene, der dei informerer innbyggjarane om korleis dei skal opptre i korona-krisa lokalt. Gode hygieneråd, informasjon om kommunane sine helsetiltak og nye opningstider i dei kommunale tilboda er berre tre døme på det som kommunane kan fortelje om i annonsane. Behovet for informasjon er stort.

Samstundes som kommunane bør kjenne si besøkelsestid og bruke lokalavisene sitt annonsetilbod på nett og papir, bør også staten, blant anna Helsedirektoratet, kjøpe annonseplass i alle aviser i Norge for å få fram viktig informasjon til innbyggjarane. Staten og kommunane har eit felles ansvar. Heldigvis har engasjerte lokalpolitikarar og dyktige kommunearbeidarar fullmakter til å gå i gang alt i dag med å bruke lokalavisene som annonsekanal. Slik kan dei bidra til å ha ei god lokalavis også når vi er ute av unntakstilstanden. Å ha ei livskraftig lokalavis også til hausten, har innbyggjarane og fellesskapet stor nytte og glede av.

Geir K. Hus,

marknads- og informasjonssjef i Landslaget for lokalaviser

Artikkelen held fram under annonsen.

(Dette innlegget var først publisert hos Medier24.no)