GRUNNEIGAR: Kjell Håvard Sævareid meiner Stord må gripa sjansen til å få planlagt og bygd ny E39. Foto: Hilde Vormedal Nybø

No må Stord utnytta planlegging av E39 frå Heiane til Jektavik

No må ein nytta planarbeidet med reguleringsplan for E39 Stord – Os til å få planlagd heile strekninga frå Heiane til Jektevik. Det kan leggja grunnlaget for å få finansiering av trafikkutfordringane rundt Leirvik med å få heile strekninga inn på Nasjonal transportplan (NTP) allereie frå neste periode.

E39 over Stord er så langt planlagd gjennom to kommunedelplanar. Stord kommune (SK) utarbeida kommunedelplan for E39 Heiane-Ådland/Nordre Tveita som etter mykje diskusjon og motsegner vart vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) i 03.07.2017. Det same departement vedtok 05.09.2019 kommunedelplan for E39 Stord – Os som vart utarbeida i statleg regi av Statens vegvesen (SVV).

No har SVV på oppdrag KMD varsla oppstart av planarbeid for ein reguleringsplan for E39 for strekninga Ådland-Os. Stord kommune tok i 2019 opp med KMD om endring av vald trase for E39 gjennom Landåsen. Stord kommune ønskjer å endra til alternativ nr. 2, traséen som ligg nærmare dagens E39. KMD har stadfesta i brev 12.07.2019 at det er mogeleg. Seinare har Fylkesmannen i Vestland i brev datert 15.08.2019 til SK at det er mogeleg å endra til alternativ nr. 2 gjennom Landåsen.

Det er no ei god mogelegheit for Stordsamfunnet å få løyst planlegging og bygging av ny gjennomfartsveg over Stord. Stord kommune må ta initiativ til KMD, Vestland fylkeskommune og SVV for å få utarbeida ein heilheitleg reguleringsplan for E39 som går frå Heiane til Jektevik. Dvs. at det varsla planarbeidet for E39 over Stord må utvidast til å starta frå Heiane og gå til Langenuen.

Ein heilheitleg reguleringsplan vil kunne gi fordelar og gevinstar for Stordsamfunnet med å få løyst fleire utfordringar med trafikken og kommunikasjon rundt Leirvik. Ein ny E39 vil fjerna gjennomgangstrafikk, ny veg mellom Sæ og Ådlandsvegen/Tysevegen vil koma inn under utbyggingsplan for E39 og dermed bli ei statleg oppgåve å finansiera. Ein ny veg mellom Sæ og Ådlandsvegen/Tysevegen vil gi vesentleg betre og sikrare utrykking til/frå sjukehuset, og fjerna mykje av trafikken gjennom sentrum både i Sæ, Skrivarvegen og delar av Borggata. Slike forbetringar meiner eg kan realiserast med eit sterkt engasjement og aktiv deltaking i planarbeidet frå Stord kommune. Derfor oppmodar eg sterkt ordførar og gruppeleiarar i kommunestyret å ta initiativ for ei slik løysing med ein gong.

Kjell Håvard Sævareid, grunneigar som må avgi areal for framtidige løysingar