UTFORDRINGAR: Tommy Aarethun, konstituert dagleg leiar i Iniativ Vest, meiner det er viktig å få på plass naudsynt infrastruktur og samarbeidsstrukturar som gjer Vestlandet rusta til å ta leiarrolla framover.

No må vi byggje Vestlandet!

Vi må få på plass infrastrukturen og samarbeidsstrukturar som gjer det mogeleg å løyse dei store oppgåvene, og å utløyse det enorme potensialet i regionen.

Denne veka vart konferansen Det nye Vestlandet 2021 arrangert i Bergen. Her vart statusen for arbeidet med Rogfast, Hordfast og den nye E39 som vil knyte saman Vestlandet presentert. Prosjekta som ligg inne i den vedtekne NTP`en er banebrytande og representerer ei historisk satsing, som vil vera heilt avgjerande for å byggje Vestlandet som region i åra som kjem.

Vi veit at svara på mange av dei store utfordringane samfunnet vårt no står ovanfor, ligg i naturressursane her på Vestlandet, og i havet utanfor kysten vår. Kva som skjer her på Vestlandet vil verta heilt avgjerande for om AS Norge lukkast med omstilling, med å skape nye arbeidsplassar, og med å tette eksportgapet. Difor bør det vera i heile landet si interesse å leggja til rette for vidare utviklinga her i regionen i åra som kjem.

Måndag denne veka vart Vestlandsporteføljen 2021, som er hovudrapporten i prosjektet Grøn Region Vestland, lansert. I tida framover vil rapportane for dei ulike regionane verta lagt fram. I dette arbeidet har ein kartlagt mogelegheiter og potensialet i regionen i møtet med det grøne skiftet, og ein peikar i tillegg på nokre barrierar som det vert avgjerande at ein lukkast med å forsere.

I hovudrapporten vert samarbeid peika på som heilt avgjerande for at ein skal lukkast med å utløysa det store potensialet som ligg i regionen. I denne rapporten er det Vestland som vert omtala, men det er godt kjent at utfordringane og mogelegheitene er ganske like på heile Vestlandet. Det er difor etter mitt syn avgjerande at vi på Vestlandet no står saman om å få på plass naudsynt infrastruktur og samarbeidsstrukturar som gjer oss rusta til å ta leiarrolla framover. Det er heile regionen tent med.

Tenk kva mogelegheiter for samarbeid og samhandling som kan opne seg opp om ein halverer reisetida mellom Stavanger og Bergen. Det er banebrytande i seg sjølv, men enno viktigare er det at dette vil knyte saman ei kjede av bu- og arbeidsmarknadsregionar langs heile kysten. Det vil opne heilt nye dører for samarbeid og utvikling i åra som kjem, og det vil danne grunnlaget for å utløyse det enorme potensialet som ligg i regionen.

Det er vi i regionen tent med, men det er også resten av landet tent med!

Tommy Aarethun

Dagleg leiar (konst.)

Initiativ Vest