BEKYMRA: Beathe Kyvik vil ha studentar fram i vaksinekøen. Foto: Privat / Colourbox

«No synest eg faktisk synd i studentane. Dei har ofra meir enn nok»

No må eg få ut litt frustrasjon. Kanskje eg framstår som litt «trongsynt og lite fornuftig», men eg vart litt irritert i kveld, og det midt i King Kong-filmen og greier. Eg har under heile koronakrisa sett min lit til at regjeringa, FHI og andre instansar har komme med dei beste og verknadsfulle råda. Eg har i likskap med dei fleste pliktoppfyllande borgarane, sprita både hender, føter, øyrer og munn. Eg har halde dei fleste på betryggande éin meters avstand og eg har betalt korona-tillegg hos tannlegen. Eg var også ein av dei som kjende på lette då vaksinen vart godkjend. Men når sant skal seiast så har eg ikkje vore heilt einig i vaksine-rekkefølgja. Eg forstår at dei i risikogruppene skal prioriterast, også helsepersonell. Eg såg på televisjonen då Ada på 96 fekk sin første injeksjon og kjende på gleda over at ho snart skal få kunna klemma sine kjære igjen.

Men kva med alle dei tusenvis av studentane på høgskular og universitet som ikkje får den fysiske undervisninga dei såg for seg dei skulle ha då dei tok fatt på studia? Det er ikkje alle studentar som er strukturert nok eller konstruert for fjernundervisning og sjølvstudium, som hovudsakleg er tunge og krevjande fag. Så då eg las i kveld at regjeringa har bestemt at det ikkje vert fysisk undervisning før 18. januar gjekk «gardina» mi litt ned. No synest eg faktisk synd i studentane, dei har ofra meir enn nok no. Dei har mista mykje verdifull undervisning heilt sidan 12. mars i fjor. Dei strevar, slit og jobbar iherdig for å klara å henga med. Dei har staka ut vegen dei vil gå når det gjeld utdanning og det kostar dei fleste av dei 120.000 kroner i studielån i året og gjerne meir enn det. Sidan dei fleste studentane er mellom 19-24 år vil ikkje denne gruppa få tilbod om vaksinen før om ei lang æve, kanskje aldri. Men kanskje burde dei komme noko lengre framme i køen? Dermed kan det bli slutt på smitteutbrot i studentmiljøa, som igjen spreier seg vidare. Og det beste av alt, dei får ein real mogelegheit til å fullføra studia sine på eit plan der alle har ein sjanse til å klara seg.

Dei er trass alt ein del av morgondagens arvtakarar og tykkjer kanskje det kan vera greitt å utstyra dei med litt kunnskap før me slepp dei til?

Beathe Kyvik

(Innlegget blei først publisert på Facebook. Red.anm.)