Skatt er på ingen måte ein privatsak. Det er det motsette, skriv ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø på leiarplass. Foto: Ingvild Siglen Berger

Nødvendig openheit

Donald Trump betalte 750 dollar i innteksskatt i 2016. I ti av dei femten år før var han nullskatteytar. Nyhendet var det New York Times som kom med i slutten av september. Trump har kjempa hardt for å unngå av skatteopplysingar om han kjem ut, og meiner at påstandane er falske nyhende.

Det kunne aldri ha skjedd i Norge. I dag var dagen der mange næringslivstoppar og andre ventar på å bli oppringt av journalistar. Ein del har klar svaret «ingen kommentar». Andre vel å snakka. Om sal av verksemder, om gode år og dårlege år. Og om kva dei synest om å bli spurt om inntekt, formue og skatt.

Offentleggjeringa av skattelistene er stramma inn etter 2014. Men framleis er det stor grad av openheit i det norske systemet. Det gjer at ein kan følgja med korleis inntekter og skatt fordeler seg blant ulike grupper i samfunnet.

Openheita gir legitimitet til systemet. Ein kan me sjølvsyn sjå at når inntektene aukar så aukar også bidraget til felleskassen. Og ein kan sjå kva tid det ikkje er tilfelle. Eller når tala på papiret synest å henga dårleg saman med realitetane. Difor er Økokrim sterk tilhengar av openheit.

Så er det ingen tvil om at mange er nyfikne på inntekta og formuen til naboar og vener. Men det får ein etter vårt syn heller tola. Skatt er på ingen måte ein privatsak. Det er det motsette. Og det er heilt avgjerande for finansiering av velferdsgodene at det er brei oppslutnad om skattesystemet vårt.

Les saker om skattelistene på Sunnhordland.no/skattelister.