SPØR: Engasjert sagvågsbuar, Else Berit Helle, stiller spørsmål om det som kan bli den framtidige barnehagesituasjonen i Sagvåg. ARKIVFOTO: Henrik Mundal Andreassen

Ny barnehage i Sagvåg/Litlabø bydel?

Spørsmål til politikarane:

1. Skal Litlabø skulekrets verta den einaste skulekretsen i Stord kommune utan barnehagetilbod?

2. Trur de hovudtyngda av trafikken frå Litlabø går om Tjødnalio?

3. Kan ein risikera låg søknad til den nye store barnehagen i Tjødnalio avdi foreldre frå Litlabø og Kårevik heller vil prioritera barnehage i Leirviksområdet?

4. Kan låg valdeltaking i Sagvåg/Litlabø ha årsak i erfaring med manglande oppfylging av politiske lovnader?

Eg tillet meg og å minna om kva dei ulike partia har lova i valkampane når det gjeld denne saka.

Else-Berit Helle, Sagvåg