Brannstasjon: - Ein ny brannstasjon må ligga nærast mulig hjarta av sentrum, det vil kunna redusera utrykkingstida med 4-5 minutt, skriv Kristian Skumsnes i Fitjar Sp. Foto: Privat

Ny brannstasjon i Fitjar

Det er nært føreståande at det skal byggjast ny brannstasjon i Fitjar. Pengane er løyvde og ein har eit krav frå Arbeidstilsynet hengande over seg, noko som gjer at ein har avgrensa med tid. Det er visst også bestemt at den skal byggjast i Årskog i tilknyting til den gamle, men kven som har bestemt dette er visst fortsatt litt uvisst.

Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på ulike løysningar og dei fall på at det vart rimelegast og innanfor kravet på ei utrykkingstid på under 10 minutt til alders og sjukeheim å byggja den i Årskog.

Men ingen av brannfolka eg har snakka med, meiner dette er ei god løysing, og det er eg einig med dei i.

For det første så vil eg nytta høvet til å skryta at det gode brannmannskapet me har, dei er som oftast dei første på plass ved brann, ulykker og sjukdom. Dei er fagleg dyktige og har ein brei kompetanse, så det er viktig at me gjer dei gode forhold for å halda fram, og det er viktig å lytta til dei.

Les også
Må byggja om brannstasjonen

Dette er ein av dei viktigaste sakene me har føre oss no, men me bør likevel ikkje forhasta oss. Historisk sett er det 70-80 år mellom kvar gong me byggjer ny brannstasjon i Fitjar. Så visst me fordelar kostnaden på dette over dei åra, så vert det ikkje så veldig dyrt.

Ein ny brannstasjon må ligga nærast mulig hjarta av sentrum, det vil kunna redusera utrykkingstida med 4-5 minutt. Bruken av «hjarta» er ikkje eit tilfeldig valt ord. Ein av dei viktigaste oppgåvene til brannvesenet er hjartestarting, og då er 4-5 minutt veldig vesentlege. Dei veit me som har måtta venta dei minuttane.

Eit anna viktig argument er det faktum at det berre er ein veg ut til Årskog som varatillitsvald Nilsen påpeikar i eit brev til kommunen. Tenk om det skjer ei større ulykke mellom Årskog og idrettsbanen der vegen blir heilt sperra for ferdsel, då må brannfolka køyra om Sagvåg for å henta brannbil og utstyr. Reven har alltid minst to utgongar i hiet sitt og den vert rekna for å vera ein luring, så kanskje me kan ta litt lærdom der.

Les også
Vil ha brannstasjon i Fitjar sentrum

Det er ein stor investering med ny brannstasjon men kan me i det same kunne laga nye kontor, lager og garderobar for uteseksjonen VA og vaktmeistrane i kommunen, samt selja tomten og bygget i Årskog så må dette kunna løysast.

Personleg så meiner eg ein ny brannstasjon bør ligga der som bussane har oppstillingsplass i dag. Og ja, eg veit at me verken eig tomta og den er sikkert ikkje regulert til formålet men det må det kunne gjerast noko med.

Visst me leitar etter løysingar og ikkje etter problem, så trur eg me får dette til. Så no håpar eg me får med oss alle politikaren i Fitjar på dette, sjølv om Ap har sagt dei går for Årskog (før i tida høyrde Ap på arbeidaren, men det var før det). Bli med og ta gode val for framtida til Fitjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kristian Skumsnes

Fitjar Senterparti