Ny E39 og kjerneverdiar

Svar til Stord Senterparti:

Grunneigargruppa takkar Stord Senterparti for svar på våre spørsmål i innlegget dykkar måndag 20.09, der de gir oss ei meir nyansert utgreiing om standpunktet dykkar.

Me tillet oss likevel å koma med nokre kommentarar:

Når planprogrammet for alt. 2 saman med det de kallar «andre traséar», legg seg tettare inn mot dagens trasé med dei svært uheldige konsekvensane det vil få (støy og ureining mot bustadområde, skuleområde og arbeidsplassar, øydelegging av dyrka mark, beiteområde, gardsdrift og kulturminne), meiner me de burde seia klart og tydeleg nei til begge alternativa. Dersom de støttar alt. 2, inneber dette at de også støttar 4-felts motorveg for 110 km/t, som er ein klar premiss i planprogrammet. Dette får me ikkje heilt til å stemma med utsegna: «Stord Senterparti har programfesta at me ikkje ynskjer ein firefelts motorveg gjennom dette området».

Foto: Illustrasjon

Trafikktryggleiken kan betrast vesentleg med heilt andre tiltak enn å byggja ny veg. I tida det tar før ein slik ny veg er realisert, kan fleire menneskeliv ha gått tapt. Difor treng denne strekninga strakstiltak!

Det kan t.d. gjerast ved å:

• Gjera ferdig den alt regulerte rundkøyringa i Tveitakrysset

• Byggja ny rundkøyring i Studalskrysset

• Byggja ny rundkøyring i krysset med Litlabøvegen

• Vurdera rundkøyring også ved Ådland bru

• Redusera farten frå 70 km/t til 60 km/t i vel 1 km av traséen (utgjer tidstap på berre 10-12 sek.)

Artikkelen held fram under annonsen.

Til samanlikning finn me slike tett plasserte rundkøyringar i ei rekkje sterkt trafikkerte og bynære stròk, t.d. langs E134 ved Notodden, Kongsberg og nord for Drammen. Ei slik løysing vil difor også E39 over Stord kunna leva med til kryssing av Bømlafjorden er avklara. Dette kan realiserast mykje raskare og vil kosta ein brøkdel av ein ny veg.

Les også
Me held fast på kjerneverdiane våre

Storparten av trafikkmengda, og dermed ulykkesrisikoen på dagens trasé, er lokal. Problemet med den vert me ikkje kvitt ved å byggja ein ny veg for gjennomgongstrafikken. Løysinga de talar for, synes eigentleg å vera ein ekstra lokalveg, sidan de ikkje vil ha fire felt i dette området. Meiner de verkeleg at me treng to lokalvegar? Då burde vel ein slik veg samstundes få kontakt med Leirvik, Vabakken og Aker Solutions, eller skal han berre nyttast mellom Heiane og Ådland bru?

Konklusjonen vår er difor krystallklar:

Ikkje stem for planprogrammet til alt.2! Det legg opp til 4 felts-veg gjennom endå meir sårbare område enn alt. 4.

Gå inn for å utbetra dagens trasé så snart råd er. Då kan me verkeleg spara liv!

Denne oppmodinga gjeld ikkje berre Senterpartiet, men alle andre parti i Stord kommunestyre.

Grunneigargruppa i parsellen Heiane – Ådland bru:

Andreas Hjartåker, Marit Hjartåker, Bjarte Husum, Sigmund Hystad, Olav Høyland, Harald Landa, Tor Langeland, Kjell Lønning, Odd Stuve Rommetveit og Sissel Tveita (med sameigarar).