NY POLITIKK: «Det har vore sju år med auka forskjellar og ei regjering som har prioritert privatisering, sentralisering og kutt i velferd til folk flest», skriv Odd Harald Hovland (Ap). Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ny giv for distrikta krev ny politikk

Ein får ikkje god distriktspolitikk berre med å utnemne ei distriktsminister.

I distriktsnæringsutvalet sin rapport som var lagt fram for kort tid sidan kom dei med klare råd til regjeringa om korleis den skal nå distriktspolitiske mål. Utvalet føreslår fleire statlege arbeidsplassar og at meir av verdiskapinga vert att lokalt.

Fallande innbyggjartal og mangel på arbeidskraft er den størst utfordringa i distrikta, seier utvalet. Rapporten syner at sjølv om mange distriktskommunar har svært høg verdiskaping innan kraft, fiske og havbruk, så bidreg det ikkje til mange arbeidsplassar. Det same mønsteret ser ein innan landbruket.

Utvalet slår utan tvil fast at det har ein sjølvstendig verdi å motverke sentralisering og oppretthalde næringsliv i heile landet. Solberg-regjeringa har på si side redusert dei regionale utviklingsmidlane drastisk dei siste åra.

Utvalet føreslår fleire grep for å sikre meir varierte arbeidsmarknader i distrikta, og etterlyser særleg fleire statlege jobbar. Dei peikar på at sjølv om talet på statlege arbeidsplassar har auka med 15 prosent dei siste åra, så har utviklinga gått i feil retning i utkantane, som har fått ein 12 prosent reduksjon av statlege arbeidsplassar.

Meir sentralisering av utdanningsinstitusjonane kan verta resultatet av regjeringa si strukturreform innan høgare utdanning åtvarar utvalet. Det vil i så fall svekke distrikta ytterlegare. Utdanningsinstitusjonar og fagskular over heile landet er svært viktig både for næringsutvikling og busetting. 70 prosent av studentane får jobb i same region som dei har studert. For dei som har vakse opp i regionen, er talet heile 80 prosent. Utvalet slår fast at det er eit vesentleg poeng å spreie arbeidsplassar for folk med høgare utdanning over heile landet.

For oss som bur i distriktet, så er ikkje dette noko nytt. Regjeringa burde vel eigentleg ikkje ha trong for eit eige utval for å bli klar over situasjonen og konsekvensen av den politikken som dei sjølv fører. Det er gjennomført fleire reformer som inneber store endringar i lokaliseringa av offentlege, og då særleg statlege arbeidsplassar. Me ser det tydeleg innan til dømes domstolane, vegvesenet, skatteetaten og politiet. Mykje av dette skjer under dekke av effektivisering, mellom anna som følgje av digitalisering. Faktum er at talet på statlege jobbar aukar, berre ikkje i distrikta. Med andre ord så skjer det ei sterk sentralisering og det handlar om kompetansearbeidsplassar som er viktige for distrikta.

No er det på tide å erstatte distriktsministeren med distriktspolitikk. Arbeiderpartiet legg fram ei rekke distriktspolitiske tiltak der arbeid og velferd er det aller viktigaste målet. Noreg har naturressursar godt fordelt over heile landet. For å utnytte dette på ein bærekraftig måte, må me ha eit mangfald av arbeidsplassar i heile landet. Kampen mot auka forskjellar er også ein kamp mot forskjell mellom by og land. Det har vore sju år med auka forskjellar og ei regjering som har prioritert privatisering, sentralisering og kutt i velferd til folk flest. Det rammar distrikta spesielt hardt, fordi regjeringa sulteforar kommunane og gjer for lite for å sikre eksisterande og skape nye jobbar i heile landet. Difor treng landet ein ny kurs. Også i distriktspolitikken.

Odd Harald Hovland, Arbeiderparti-medlem