SKEPTISK: Høgre-politikar Christian André Balchen meiner det blir feil å investera i eige produksjonskjøken i Stord kommune. Foto: Marius Knutsen / arkiv / Stord Høgre

Ny vurdering av produksjonskjøkken

Me i Stord Høgre er opptekne av at dei eldre på Stord skal ha det godt, og at dei som er avhengig av kommunal mat skal ha smakfulle og ernæringsrike opplevingar. Matopplevingar kan skapast uavhengig av produksjonsprinsipp. Ut frå den økonomiske situasjonen i Stord kommune i dag meiner eg den nye vurderinga av produksjonskjøkken burde skrinleggjast. Gjennom mi erfaring som ein del av helsevesenet har eg ikkje fått indikasjonar frå brukarar eller leiing om at maten ikkje held den kvaliteten den burde.

Som kommunestyrerepresentant og medlem i utval for Rehabilitering og Omsorg er eg sett til å få mest mogleg ut av dei pengane me har disponible. Saman med Stord Høgre lyftar eg difor tanken om eit nytt produksjonskjøkken er riktig prioritering av midlar.

Det er ikkje lenge sidan me las i Bladet Sunnhordland om arbeidskvardagen til dei tilsette i heimesjukepleien. Det vart fortalt om ein arbeidsdag som er krevjande og utfordrande for helsevesenet vårt, og som sårt treng å prioriterast – også frå politisk hald. Stord Høgre ynskjer å prioritere å løyse problemstillinga som vert framlagd, samt å sørge for å auke kapasiteten på sjukeheimsplasser i kommunen vår. Er det då rett å bruke midlane på eit eige produksjonskjøkken?

Les også
Går for forprosjekt på lokalt produksjonskjøken

2019 vart det sett ned ei prosjektgruppe som utarbeidde ein forstudie som skulle vurdere kva som var mogleg å få til av eige produksjonskjøkken i Stord kommune. Prosjektgruppa skulle vurdere kva konsekvensar dette ville få samanlikna med den drifta vi har i dag, både praktisk og økonomisk.

Forstudien kom fram til at Stord kommune ville få 2,2 millionar kroner i auka årlege utgifter ved å etablera eige produksjonskjøkken. I tillegg kom investeringskostnader på om lag 1,2 millonar kroner.

Kostnadane er svært usikre og lyt kvalitetssikrast. Kjøkenet på Knutsaåsen er gamalt og vil mest sannsynleg krevje opprusting, noko som og vil auka kostnadane endå meir.

No vil det politiske fleirtalle i RHO gjere denne vurderinga på nytt, og me som politikarar er sett til å prioritere.

Statsforvaltar Lars Sponheim seier følgande om Stord kommune sin Budsjett og økonomiplan 2020-2023:

«I utgangen av 2019 utgjer den langsiktige lånegjelda til Stord kommune om lag 145 prosent av sum driftsinntekter. Lånegjelda er høg, både målt per innbyggjar og samanlikna med driftsinntektene, og det er lagt opp til ein vesentleg auke i lånegjelda i økonomiplanperioden. Brutto lånegjeld er pårekna å auka til om lag kr 3,45 mrd. ved utgangen av 2023. Sjølv om ein del av auken i lånegjelda vil vere avgiftsfinansiert, vil den planlagde auken medføre at kommunen får eit svært høgt gjeldsnivå.»

I Stord kommune var lånegjelda per innbyggar i 2019 på kr 119 604,-. Kommunar me kan samanlikna oss med er gjelda per innbyggar på kr 75 177,-.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sett i lys av svært høg lånegjeld, utfordingane til heimebaserte tenester og trang for nye sjukeheimsplassar. Er det då rett å prioritere pengane på eit eige produksjonskjøkken?

Me i Stord Høgre ynskjer at kommunen vår skal vera ein veldreven kommune, slik at me kan gå inn i framtida med ein trygg og god økonomi der me brukar pengane der det virkelig trengs.

Christian André Balchen, medlem i rehabilitering og helse, kommunstyre, Stord Høgre