Guro Betten i Sagvåg Forum. Foto: Ingvild Siglen Berger

Nysæter ungdomskule

Frivillige i Sagvåg og Litlabø brukar kvart år tusenvis av timar til å engasjere seg for eit betre fritidstilbod i bydelen. Lag- og organisasjonsarbeidet har stor verdi og det største tilbodet står IL Solid for. Likevel er tilbakemeldingane frå mange at dei ønskjer seg eit betre og meir variert tilbod, men då må det investerast i fysisk tilrettelegging for å lukkast.

Kommunestyret har i fleire vedtak poengtert at Nysæter-prosjektet skal planleggast i samarbeid med mellom anna IL Solid, slik at ein sikrar ei optimal løysing. Likevel har ikkje idrettslaget fått gjennomslag for nokre av ønskene sine i 0-alternativet, som politikarane no ser ut til å kunne vedta.

Les også
No står 25-metersbassenget på nye Nysæter ungdomsskule i fare

Politikarane må no vise at lovnadane om brukarmedverknad er meir enn tomme ord. For lag- og organisasjonslivet i Sagvåg er ikkje Nysæter berre eit skuleprosjekt, men og det viktigaste tiltaket for skape møteplassen som er etterspurt i bydelen. Gode og varierte aktivitetsflater er nødvendig for å lukkast.

Det har ingen verdi at skulen er den største investeringa nokon gong, så lenge brukargruppene blir oversett når dei flaggar sine behov. Gode bu- og oppveksttilhøve handlar om meir enn berre ein god skule, så når lag- og organisasjonslivet stiller opp med både tid og pengar må politikarane komme dei i møte.

Kommunen har ikkje råd til seie nei til opsjonane. Det handlar om å gje innbyggjarane eit betre aktivitetstilbod. Det handlar om å bli høyrt og tatt på alvor. Det handlar om at engasjement og involvering gjev synlege resultat.

Guro Betten, Sagvåg Forum