HEKKEPLASS: Kårevik Utvikling AS har kjøpt opp ei stor tomt i Kårevik som skal gjerast om til bustadfelt. Audun Nordhus er uroleg for hekkeplassen til hegren. Foto: Tore Haugland

Nytt bustadfelt i Kårevik

Viser til det nye bustadfeltet mellom Skrivargarden og Moldmyrvegen som Kårevik Utvikling er i ferd med og prosjektera. På toppen her har gråhegren hekka sidan eg var gutunge på 60-talet og kanskje før det og. Denne grøne lunga og hekkeplassen bør vi absolutt ta vare på for framtidige generasjonar, sidan det blir mindre og mindre av dette.

Når me ser tilbake på prosjekteringa av nye E 39 Os- Bergen, der et våtmarksområde med augestikkararar blei freda og vegen måtte leggjast om til kost av fleire millionar.

Dette takka vera naturvernforbundet og den gong Hordaland fylke. Så står me på og trekkjer i dei rette trådane, får me kanskje bevara dette hekkeområdet for gråhegren.

Audun Nordhus

Les også
Fryktar nytt bustadfelt vil sprengja Langeland skule
Les også
Dette seier politikarane om utbygginga i Kårevik
Les også
Dette området i Kårevik vil dei fylla med nye bustadar