Nytt museumsbygg og ny ishall på Vikahaugane

Stord kommunestyre vil ha regional ishall på Vikahaugane. Total kostnad rekna til 93 millionar kroner. Av dette vil Stord kommune dekke 15,5 mill. kr (usikre tal grunna stigande kostnadar).

Vel og bra, ishall vil vere eit godt aktivitetstilbod til innbyggarane i Sunnhordland.

Stat og fylke har løyvd millionar til nytt tidsmessig bygg til Sunnhordland museum, der total kostnad er 67 mill. kr. Løyvingane er sett på vent grunna manglande fullfinansiering.

BEGGE DELER: «Kan Stord kommunestyre i revidert budsjett i juni komme med eit vedtak som realiserer begge deler, nytt bygg til Sunnhordland Museum og ishall på Vikahaugane?» spør Nils Magne Blålid (SV). Arkivfoto: Per Lønning

Her har Stord kommunestyre løyvd 5,6 mill kr under forutsetning om fullfinansiering. Det manglar totalt 11 mill kr på nemnte fullfinansiering. Stord kommune, som er vertskommune for museet, har ikkje klart å løyve ein sum som får løyst ut millionane frå stat og fylke, slik at eit tidsmessig bygg kan bli realisert.

Eg kjenner på at viljen i kommunestyret er større til å realisere regional isflate under tak, enn til å ta vare på historia og vise denne, til inspirasjon for framtida, gjennom eit nytt, moderne bygg for Sunnhordland Museum.

Eller tar eg feil? Kan Stord kommunestyre i revidert budsjett i juni komme med eit vedtak som realiserer begge deler, nytt bygg til Sunnhordland Museum og ishall på Vikahaugane?

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils Magne Blålid, Stord SV

Les også
Vedtok budsjettet til nasjonale kulturbygg. Så mykje drypp på Sunnhordland Museum
Les også
Prøver å lokka Fitjar ut på glatta